Skjærtorsdag: Å ete saman


Mennesket treng mat. Mennesket treng fellesskap med andre menneske. I måltidet får vi begge deler.

 

Andakt av Kristian Myklebust, sokneprest i Volda

Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida.For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.» Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg. Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.
    Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg. Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!» Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Lukas 22, 14-23

Måltidet- det å ete saman- er noko av det mest menneskelege som finst, og det er noko av det mest grunnleggande som finst: Mennesket treng mat. Mennesket treng fellesskap med andre menneske. I måltidet får vi begge deler.

Nokre måltid hugsar vi lenge etterpå. Kanskje var det noko spesielt som hende eller vart sagt, eller ei viktig hendig vart markert, eller maten var spesielt god. Mange måltid har vi gløymt; tenk på alle dei trøytte frukostane du har ete i livet ditt. Samtidig har vi også overlevd fordi vi har ete alle desse gløymte måltida.

Måltida kan gje nye krefter, både for kroppen, for tankane og kjenslene. Men måltida kan også verte vanskelege og tause, dei kan vere tappande og slitsame. Måltidet ber i seg mykje av det samansette ved livet vårt.

For Jesus var også måltidet svært viktig. Når dei nærmar seg påske, fortel han læresveinane sine- dei næraste venane sine- at han «lengtar etter å halde måltid med dei» (Lukas 22,14) Dette er det siste han vil gjere før han skal lide og døy, og det er avgjerande for Jesus at han får samla dei rundt seg til måltid.

Dei et påskemåltidet, som er ein sentral den av den jødiske påskefeiringa til minne om utgangen frå Egypt. Dei samtalar, dei lyttar, dei syng, dei diskuterer, dei kranglar. Dei ler, dei er glade, dei er redde, dei er urolege. Alt på ein gong. Måltidet løyser seg opp etter nokre timar, og no Jesus er på veg mot krossfestinga.

Det siste Jesus gjer, er altså å ete saman med vennene sine. Samtidig opnar han også framtida opp for slike måltid, måltid der han også er: «Dette er min kropp, dette er mitt blod, gjer dette til minne om meg!» Heilt i kjerna av den kristne trua finn vi altså eit måltid. Noko vanleg og viktig, noko menneskeleg, noko som har med fellesskap å gjere. Jesus er eit menneske som treng mat og fellesskap. Han har lengta etter det, slik vi lengtar etter gode fellesskap, gode samanhengar å høyre til i, gode stunder som gir nye krefter! Og samtidig vert dette vanlege her lyfta opp, forvandla, transformert: Å sitje til bords med Jesus, å ete og drikke, er å ha fellesskap med Gud! Ikkje først og fremst ved å vite, vere sikker, meine, tenke rett, men ved å ta i mot gåvene ved bordet. Brødet, vinen, fellesskapen, gitt av Gud i våre tome hender.

I år kan vi ikkje invitere til måltid i kyrkja på skjærtorsdag. Nattverdborda rundt om i landet vert ikkje duka denne kvelden. Eg kjem til å sakne det. Mange lengtar etter å igjen kunne halde måltid. For mennesket treng mat. Mennesket treng fellesskap med andre menneske. I måltidet får vi begge deler. I nattverden får vi det vi treng for vandringa i tru, håp og kjærleik. «Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod, utrent for deg.»

Dagens bøn på skjærtorsdag

 Herre Jesus Kristus, du gav deg sjølv til soning for syndene våre og innbyd oss til ditt heilage måltid. Vi bed deg: Samein oss med deg i brødet og vinen. Ver oss nær sjølv når vi sviktar, og lat oss med heile di kyrkje samlast hos deg i ditt fullenda rike, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen

Tilbake