Langfredag: Gud hjå oss


I Jesus er Gud nær i alt det menneskelege, også i døden og lidinga. Det er det unike med forteljinga om Jesu død.

 

Andakt av Per Kristian Hovden Sætre, sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden sokn

To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus.  Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre. *Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»• Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.  Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!» Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»


   Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.»  Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!»  Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»  Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,  for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

Luk 23, 32-46 (Les heile teksten her)

 

I 2004 kom filmen "The Passion of the Christ" med Mel Gibson som regissør. Dette er ei filmatisering av forteljinga om Jesu siste timar. Filmen er påkosta, og dei har gjort eit stort arbeid for å gjere alt så autentisk som mogeleg. Mellom anna snakkar dei fleste i filmen arameisk, som var Jesu morsmål, medan romarane snakkar latin seg i mellom. Normalt hadde slikt gjort meg overbegeistra. Likevel rår eg eigentleg ingen til å sjå denne filmen.

Hovudproblemet med denne filmen er at han er så avsindig rå og brutal. Scenen der Jesus vert piska varer nærare eit kvarter, og det er ikkje spart på effektane. Ein ting er at så mykje vald er hard kost i seg sjølv. Ein annan ting er at filmen er ein del av ein lang trend i kristendomen der ein legg vinn på å framstille Jesu lidingar som så ekstreme som råd. Ein ser spor av det same både i kyrkjekunsten og i salmeskatten, men det er likevel eit stykke mellom skildringane som brukar så ekstreme verkemiddel som denne filmen. Den underliggande logikken i slike framstillingar verkar å vere at di større dei fysiske lidingane til Jesus er, di større frelse kjem det ut av dei. Dette ligg langt frå det evangelia fortel, og det risikerer faktisk å skugge for det viktigaste i forteljinga om Jesu død.

Evangelia skildrar at Jesus døyr ein smertefull død. Han er uskuldig dømd og døyr på brutalt vis på ein kross. Denne bestialske avrettingsmåten nytta romarane berre for slavar og folk utan romarsk borgarrett. Slike avrettingar skjedde gjerne offentleg, og dei krossfeste vart normalt nekta gravlegging. Ein viktig del av det heile var å påføre den avretta skam og demonstrere overmakta til det romerske imperiet. Forteljinga om Jesu død er slik sett både dramatisk og fæl. Samstundes er ikkje Jesus den einaste som har vore dømd uskuldig. Han er heller ikkje det einaste mennesket som har opplevd angst og smerte, mista livet på grufullt vis eller vorte knust av ei veldig politisk overmakt. Jesus er ikkje unik på denne måten. Tvert om er han ein av mange. Fleire som stiller seg kritiske til den kristne trua har påpeika dette, og dei har heilt rett. Lukasevangeliet, som me les frå på denne langfredagen, er ein nøktern kontrast til Gibson si såkalla autentiske utmåling av lidingane. Det er få detaljar. Evangelisten legg ikkje skjul på at Jesus døydde i løpet av nokre timar på krossen, medan det normalt kunne drage ut i dagevis. I motsetnad til mange andre krossfeste, får Jesus også ei grav. Dei to andre som vart krossfeste same dagen, får ein stor plass i forteljinga. Poenget er ikkje at Jesus er så annleis eller at hans forteljing er verre enn andre. Tvert om er poenget at Jesus er ein av alle dei som har mista livet i kampen mot mørker og død. Slik deler han eit av menneska sine grunnvilkår i denne verda. Han døyr som ein av oss.

I jula feirar me at Gud vart menneske. Det høyrest uskuldig ut når ramma er forteljinga om barnet i krubba. Det vert meir dramatisk når langfredagen syner kva som er den yttarste konsekvensen av juleevangeliet. I Jesus er Gud nær i alt det menneskelege, også i døden og lidinga. Det er det unike med forteljinga om Jesu død. Ho forandrar biletet vårt av Gud. Gud er ikkje borte frå menneska, ikkje ein gong når me er såra og har det vondt. I det djupaste mørkret er livets Gud til stades. Det er langfredagsevangeliet. Og der livets Gud er, opnar vegen seg til påskemorgon og oppstoda. Der ligg det eit håp for alle som kjenner mørkret og dødskreftene truge. «Hugs på meg!» bad røvaren som var krossfest ved sidan av Jesus. «I dag skal du vere med meg til paradis,» svara Jesus.

 

Dagens bøn på langfredag

 Evige, nådige Gud, du sende Son din for å lida og døy for vår skuld. Vi bed deg: Opna hjarta våre for gåtene i Kristi kross. Lat krossen bli teiknet på håp i ei verd merkt av liding og vondskap, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen

Tilbake