Påskedag: Redde, men jublande glade!


I år er det denne setninga i påskeevangeliet som treff meg: «Då skunda dei seg bort frå grava; redde, men jublande glade.»

 

Andakt ved Kristian Myklebust, sokneprest i Volda

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!  Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
    Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.  Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.  Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Matteus 28, 1-10

I år er det denne setninga i påskeevangeliet som treff meg: «Då skunda dei seg bort frå grava; redde, men jublande glade.» For ein paradoksal sinnstilstand! For ei intens ladning av kjensler! Samtidig: Kor velkjent! Kor forståeleg! Kor menneskeleg!

Kvinnene har sett ei tom grav, og dei veit ikkje kva dei skal tru. Kven hadde vel visst det? Dei har nettopp vore vitne til noko som ikkje er: «Han er ikkje her!», får dei høyre. Nei, det kan dei sjå med eigne auge; ei tom grav, eit fråvere, ingen. Men kva i all verda betyr det?

I dette tome, i dette fråveret, ligg utgangspunktet for det utrulege, det utenkelege, det nye; det ikkje noko menneske kunne tenkt eller gjort. Men det er ikkje lett å vere vitne til! For korleis er ein vitne til noko som ikkje er? Korleis er ein vitne om ein som ikkje er der, ein som dei visste skulle vere der, han som dei med dei same augene nokre dagar tidlegare såg død og gravlagd?

Kvinnene får eit svar, ei opning, ei tolking, ei muligheit: «Han er ikkje her- han er stått opp, som han sa!» Men kva skal dei tru? Kva skal dei tenke? Kva kjensler skal dei kjenne på?

2000 år seinare kjenner meg att i denne første responsen, i denne blandinga av frykt og glede. For slik er menneskelivet; det er frykt, redsel og uro tett vove saman med glede, fryd og jubel. Desse kvinnene er heilt som oss, dei lever i dette veldige spennet mellom den varme gleda og den kalde redsla. Sjølv i møte med den tome grava, som vi 2000 år seinare kan sjå som eit gledebodskap, vert kvinnene verande i dette doble: Frykt og glede, tett ved kvarandre.

Først seinare får den tome grava eit «svar»: Dei får sjå Jesus igjen, Han er levande, han kjem i mot dei; ser dei, helsar dei med fred. Då fell meir på plass i kvinnene: No kan dei tru at det er sant alt det han har sagt, no kan dei tru at Jesus er han som kjem frå Gud med liv og håp til menneska.

Men sjølv då, etter møtet med Jesus, er eg sikker på at dei kunne kjenne på begge desse kjenslene. Frykt og glede. Nokre gongar mest det eine, nokre gongar mest det andre, men likevel frykt og glede, tett saman. Trua tok ikkje dette bort, heller vart dette ein del av trua!

Slik er det framleis. Å tru på Han som har stått opp er ikkje ei enkel løysing, ikkje utan problem, slett ikkje nokon garanti mot frykta og sorga. Den kristne påsketrua er heller ei tru som skal ha plass til både frykta vår og gleda vår- og alt dette andre som fyller oss. Det er ei tru på at Han som står opp alltid er der midt i våre dagar, midt i vår verd slik ho er. Det er ei tru på at den tome grava og møtet med Jesus kastar eit nytt og varmt lys over alt som er. Det er ei tru på at vi vert teke vare på av han, i liv og død. Det er ei tru på at ein morgon skal også vi få del i ei oppstode som er lik hans. Det er ei tru på og eit håp om at ein dag skal det berre vere gleda som er att.

Dagens bøn på påskedag

Jesus Kristus, oppstadne Herre og Frelsar, vi takkar og lovprisar deg. Du har brote opp dødens lenkjer og knust djevelens makt. Vi bed deg: Fyll hjarta våre med glede, ved det levande håpet du har gjeve oss, så vi som kvinnene ved grava kan vitna om di oppstode, du som med din Far og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.Amen

Tilbake