2. s. i påsketida: Våre erfaringar- i Kristi lys


Eg trur ikkje kristen tru handlar om å gjenskape erfaringar 2000 år seinare. Vi møter ikkje Jesus på same måten som Peter møtte han, ansikt til ansikt, blikk mot blikk. Peter gjorde sine erfaringar, vi gjer våre.

 

av Kristian Myklebust, sokneprest i Volda

Evangeliet etter Johannes 21, 15-19

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!»  Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!  Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Å vere menneske er å gjere seg erfaringar. Ei erfaring er noko anna og noko meir enn den store straumen av hendingar i livet vårt. Vi kan ha gode opplevingar og glede oss over mange ulike impulsar og inntrykk. Ei erfaring pregar oss likevel på ein annan måte: Når vi erfarer noko, blir det samtidig skapt eit før og eit etter. Noko i oss vert endra på djupet – og vi veit at vi har blitt endra, forstyrra, tvungne til å orientere oss på nytt! Erfaringar endrar kven vi er og korleis vi forstår både oss sjølve og verda rundt oss.

Det kan vere gode erfaringar: av venskap, av å ta i mot eit nytt liv, av det som er vakkert, av å bli gitt ein ny sjanse, av få høyre til i ein samanheng, av å bli forstått, av å bli berørt, av å bli elska. Det kan vere vonde erfaringar: av brot, av å bli svikta, av å kjenne seg tilsidesett, av å vere truga og utsett, av å miste. Eit kvart menneskeliv ber i seg ulike og unike erfaringar.

Teksten for denne søndagen er ein tekst om ei erfaring som endrar liv. Simon Peter er ein av karakterane i evangelia vi kjem tettast på.

I Johannesevangeliet er det skildra i alle fall tre svært grunnleggande erfaringar som Peter gjer seg i møte med Jesus. Den første erfaringa er full av energi og framtid. Vi kan lese om denne i Johannes 1,35-42: Simon Peter møter Jesus for første gong. Han blir sett med eit fast blikk av Jesus. Han blir gitt ei ny retning, ei ny oppgåve, eit nytt namn til og med: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heite Kefas»- det er det same som Peter (Kefas tyder fjell eller klippe). Denne erfaringa gjer Peter til ein læresvein, til ein som følgjer og stiller opp, til ein leiar av flokken.

Den andre erfaringa er iskald. I Johannes 18,12-27 vert vi vitne til korleis den vanlegvis så kraftfulle Peter er redusert til ein skugge av seg sjølv. Full av angst og mismot avskriv han heile vennskapet sitt med Jesus. Hutrande ved eit bål nektar han for eit kvart band til Jesus. Jesus døyr, og Peter erfarer bittert korleis sviket og døden tek frå han alt.

Den sterkaste og mest avgjerande erfaringa viser seg likevel å vere den tredje og siste, som vi kan lese om i Johannes 21, 15-23: Jesus er hos dei igjen, utruleg nok, men Peter ser framleis ikkje kva det eigentleg betyr. Han er framleis langt nede, framleis vikla inn i sitt eige, inn i sviket og nederlaget. Men erfaringa Peter skal gjere seg, der på stranda ved eit nytt bål, endrar nok ein gong på alt.

«Elskar du meg?» er Jesu nærgåande spørsmål. Tre gongar til og med, sjølv om han den siste gongen modererer det til «Har du meg kjær?» Tre gongar, ein gong for kvart av Peter sine «Eg kjenner han ikkje!» Peter nølar, men frå botnen og nederlaget, frå djupet, veks det fram noko nytt: I denne erfaringa av Jesu kjærleik og tilgjeving ligg nåden; den nye sjansen og det nye livet. Peter er framleis Jesu ven. Uventa får han halde fram, saman med Jesus.

Eg trur ikkje kristen tru handlar om å gjenskape erfaringar 2000 år seinare. Vi møter ikkje Jesus på same måten som Peter møtte han, ansikt til ansikt, blikk mot blikk. Peter gjorde sine erfaringar, vi gjer våre. Kanskje er det då dette som er vegen mot ei kristen tru: Kan vi våge å sjå vårt liv og våre erfaringar i lyset frå den tredje dagen og den tome grava? Kan vi tru at nåden faktisk vert gitt oss, i det som er våre liv? Kan vi

tru at fordi Jesus døydde og stod opp att, så kan alt vi erfarer og gjennomlever kan komme i eit anna lys, eit nytt lys; eit lys som gjer framtid og håp mogleg?

Mitt liv og mine erfaringar i Kristi lys. Det er nåde, det er håp

 

(foto: Benjamin DeYoung/unsplash)

Tilbake