2. s. i påsketida (II): Siste ord er ikkje sagt


Forteljinga om oss og Jesus er ikkje ferdig. Den oppstadne er der for oss alltid, slik han var der for Peter. 

 

Preike i digital gudsteneste frå Volda kyrkje sundag 11. april 2021.
Av Per Kristian Hovden Sætre, sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden
Biletet er "Kristi kall til Peter" av Rafael (1515), digitalt bilete frå The Victoria and Albert Museum

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Johannes 21,15–19

Ein får det rett i ansiktet same kvar ein snur seg. «Slik kan DU verte ein betre versjon av deg sjølv – no med ein gong!» Det lyser imot oss med feite typar på framsida av Dagbladet, og reklamen snik seg inn gjennom alle kanalar med den same bodskapen. Andre stader er det meir diskret, men det dukkar opp når lærarar set seg ned med elevane sine og når arbeidsgjevarar kallar inn tilsette til samtale. Alle er opptekne av at me skal verte betre heile tida, og mange står klare for å tene pengar på at me sjølve har lyst til det. På djupet trur eg denne bodskapen råkar oss hard. Særleg treff den andre delen av han, som logisk høyrer med, men som sjeldan vert sagt rett fram: «DU er ikkje god nok slik du er. DU burde vore annleis.» 

Diverre er ikkje kristen forkynning noko unntak. Mykje kristen forkynning har handla om at me må endre oss. Ofte har ein snakka om «omvending» eller «å verte fødd på nytt» som ein inngangsbillett til å til dømes kunne kalle seg kristen eller til å kunne gå fram og ta imot nattverden. Og mange kan fortelje om at dei har gode og viktige erfaringar av at livet har vorte endra i møte med Jesus. Nokre har jamvel både dato og klokkeslett. Ein finn slike forteljingar i Bibelen også. Me les om Paulus, som bokstaveleg tala såg ljoset på vegen til Damaskus, og som i same stunda gjekk frå å vere ein av dei kristne sine største fiendar til å verte ein av dei fremste mellom Jesu apostlar. Dei som har opplevd slike ting, har god grunn til å vere takksame for det. Det vert derimot vanskeleg når dette vert forteljingar om at alt var fælt før og alt vart bra etterpå. For det er ikkje sant for nokon. Endå verre vert det når ein gjer opplevinga av ei slik omveltning til eit krav ein må oppfylle for å høyre til og verte rekna som god nok. Det er nemleg ikkje slik for alle. Og då er det ikkje mykje hjelp i å møte ein kristen variant av framsida på Dagbladet som krev at DU må endre deg.

Sjølv er eg av dei som ikkje kan fortelje om slike dramatiske endringar. Eg har for så vidt ein dato då eg vart fødd på nytt, nemleg 5. august 1984. Då bar nemleg foreldra mine meg til dåpen. Etter den tid har eg gjort meg små og store erfaringar, noko godt og noko gale, det har gått litt hit og dit og opp og ned, og eg trur ikkje eg er åleine om å ha det slik. Det er jo slik livet er. Difor er eg glad for at Bibelen har fleire forteljingar enn Paulus si. Me har til dømes Peter si forteljing. Om Peter vert det fortalt mange fleire episodar, og då kjem nyansane.

Evangelia fortel at Peter var mellom dei fyrste læresveinane til Jesus. Peter var ivrig og talefør. Då Jesus gjekk på vatnet, ville han utpå og vere med. Og så vart han redd og byrja søkke. Jesus sa at han ville byggje kyrkja si på Peter – og to minutt seinare plumpa han uti og Jesus kalla han «Satan». Han fekk vere med opp på fjellet der Jesus viste seg som Guds son – og Peter vart så forvirra at han byrja bable om å byggje hytter oppå fjellet. Då Jesus ville vaske føtene til læresveinane, nekta Peter, for han meinte det burde vere omvendt – før han vert overtala og vil at Jesus skal vaske heile han. Skjærtorsdag skulle han våke og be saman med Jesus – og sovna. Han hadde med seg sverd for å forsvare Jesus – og Jesus stansar heile den valdelege forsvarsaksjonen hans. Det gjekk opp og ned. Siste natta til Jesus lovar Peter å aldri forlate han. Men så vert han åleine, redd og pressa opp i eit hjørne. Då svor han tre gonger på at han ikkje kjende Jesus. Så forsvann han inn i skuggane og viste seg ikkje att. Så døydde Jesus. Dermed enda forteljinga om Peter og Jesus med eit stort svik.

Så skjer det utrulege at Jesus står opp. Og Peter er med i kjent stil, men noko må likevel ha plaga han. Så fortel Johannes om møtet mellom Jesus og Peter på standa ved Gennesaretsjøen. Akkurat som den natta då Peter fornekta Jesus, brenn det i ein haug med kól like ved. Og tre gonger spør Jesus: «Elskar du meg?» Og tre gonger svarar Peter: «Ja, det gjer eg.» Dei brukar litt ulike ord frå gong til gong, men Peter høyrer at det er same spørsmålet. Og det gjer vondt. Det har jo vore sant heile tida at han er glad i Jesus. Men så vart det så feil den natta. Og det får Peter sjansen til å rette opp i møtet med Jesus denne morgonen.

Slik opplever Peter krafta i oppstoda. Han trudde forteljinga var over. Han trudde at han hadde vore oppe til endeleg eksamen og stroke. Han hadde fått domen: «Du er ikkje god nok.» Men så var ikkje siste ord sagt. Også etter nederlaget var Jesus der, og gav han av sin nåde. Og medan Peter stod der og tok inn alt dette, fekk han kallet til å halde fram med å tene Gud. Ikkje fordi han var perfekt. Men fordi han var eit menneske, som misforstod, gjorde feil, levde med smerta og kunne ta imot nåden. Peter kunne halde fram med å leve saman med Jesus. 

Og slik er det å leve i ljoset frå oppstoda. Nåden tek ikkje slutt. Jesus er der. Guds kjærleik strekkjer seg forbi våre nederlag, forbi våre tap, forbi dei domane me feller over oss sjølve. Me får lov å leve i det. Då kan me våge å snakke sant om oss sjølve og det livet me lever. Våge å forstå stykkevis. Då kan me våge å ta imot hjelp til det me ikkje får til. Og då kan det gode vekse fram rundt oss og i oss. Ikkje fordi me såg eit krav på framsida av ei avis. Men fordi Jesus lever. Hos OSS.   

Tilbake