Aprilinformasjon for konfirmantane 2021


Aprilinformasjon for konfirmantane 2021


Her får du/de oppdatert informasjon om vårsemesteret som vi er godt i gong med. Våren har hittil vore prega av mange endringar, fleire rundar med avlyste gudstenester m.m. Vi er likevel glade for at vi fekk møtast til konfirmantsamlingane slik vi hadde planlagt – og vi håper at vi kan halde fram med det og til og med arrangere konfirmantleir i sommarferien.

 

Men først eit lite tilbakeblikk og ein stor TAKK til alle som har bidratt til årets Fasteaksjon! Vi har samla inn 92.253 kr i dei 6 sokn i Volda kommune. Det er kjempeflott og sikrar 369 menneske tilgang til reint vatn! TUSEN, TUSEN TAKK! (Har du ikkje fått gitt, kan du framleis gjere det ved å vippse til 2426 😉.)

ENDRINGAR I SEMESTERPLANEN
1.    KICK OFF
Grunna strenge smitteverntiltak har vi hittil ikkje kunne gjennomføre den planlagte KICK OFF-samlinga. Vi har diverre heller ikkje høve til å arrangere den i vår, slik situasjonen er. Programmet vi hadde planlagt kjem vi til å «bake inn» i konfirmantleiren, slik at du ikkje går glipp av det. Målet med KICK OFF var – ved sida av å lære - å riste oss i hop som gruppe. Slik skulle konfirmantane på kryss og tvers av kohortane og skulekrinsane bli kjent med kvarandre og trygge på kvarandre og oss medarbeidarar. Vi er klar over at kan vere  utfordrande å skulle dra på leir utan denne tryggleiken.
Difor kjem vi til å førebu leiren grundig og å dele viktig informasjon med konfirmantane og føresette. Treng du/din konfirmant ekstra tryggleik for å kunne delta på leiren, bed eg om at de tek kontakt med meg eller  konfirmantleiaren din, slik at vi kan finne ut korleis vi kan legge til rette.


2.    LEIREN
Siste veka i sommarferien vert det leir – håper vi. Vi kan ikkje dra som ei samla gruppe, men kjem til å dele opp i 2 leirgrupper. Ei gruppe har leir frå søndag, 15.august til onsdag 18.august. Den andre gruppa har leir frå onsdag 18.august til laurdag 21.august. Dette må atterhald for endringar! Meir informasjon kjem i samband med foreldremøtet om leiren:

3.    FORELDREMØTE OM LEIREN
Møtet vert flytta frå april til juni, sjå semesterplanen. Vi håper at vi kan gje dykk då betre og meir detaljert informasjon om korleis vi kan gjennomføre leiren i sommarferien. Dette er diverre ikkje mogleg no. Sender ut innkalling og meir informasjon i forkant av møtet.

DIGITAL UNDERVISNING
I løpet av våren har konfirmantane fått tilsendt 2 digitale heimelekser. I veke 16 og 17 kjem gruppeleiarane til å sende ut ei siste digital undervisning. Vi bed om at du gjennomførar den. Slit du med dette, bed vi om at du/dine føresette tek kontakt med ho for å finne på ei god løysing. Det er betre enn at vi masar mange gongar. Har du ikkje fått desse epostane? Ta kontakt med meg, slik at vi kan finne ut av det.

GUDSTENESTEBESØK
Mange konfirmantar er godt i gong med gudstenestebesøk til trass for at vi har hatt færre gudsteneste i kyrkjene våre denne våren. Det er BRA! Ser likevel at ein del konfirmantar ikkje har levert inn noko. Vedlagt finn du ei lita oppskrift på korleis ein får registrert gudstenestebesøk. Bed dykk føresette om å følgje opp dette. Ta gjerne kontakt ved spørsmål 😊

Med ønskje om ein god helg og ein fin vår framover!

Constanze Lindner
-kateketen i Volda -

 

Semesterplan Dalsfjord

Semesterplan Hornindal og Bjørke

Semesterplan Kilsfjord

Semesterplan Volda

Tilbake