3. s. i påsketida: "Eg er porten"


Jesus kjem til menneska, til oss, fordi Gud er ein Gud som vil liv, som opnar opp for framtid og fellesskap på måtar vi enno berre kan ane.

 

Preikemanus frå preike i Volda kyrkje søndag 18.april 2021 av Kristian Myklebust, sokneprest i Volda

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»

Evangeliet etter Johannes 10, 1-10

I teksten dag vert vi tekne med ut på markene i Israel for fleire tusen år sidan: Det handlar om ein saueflokk, om beiting, ein gjetar og om porten inn til der sauene er. Denne søndagen vert gjerne kalla gjetarsøndagen: Det handlar om Han som har stått opp, for å vere vår gjetar- som viser veg, som går saman med, som tek vare på. Det handlar om Jesus, han som «fører oss til vatn der vi finn kvile, som gir nytt liv- og som har gått gjennom dødskuggens dal»; for oss

Jesus sjølv er i byen, i Jerusalem, når han seier dette, og det byrjar å nærme seg påske. Han har nett gjort slik at ein mann som var fødd blind kunne sjå. Det skulle ein vel tru var ein god ting å gjere, men alle var ikkje samde i det: Jesus hadde nemleg opna augene til denne mannen på sabbaten! Dessutan: Kunne dette teiknet vere eit teikn på at Jesus var noko meir enn eit vanleg menneske? Jesus hamnar, slik han stadig gjer i Johannesevangeliet, i ein ganske krevjande, ganske amper, og for oss- og kanskje for dei også, noko forvirrande samtale eller diskusjon. Denne gongen med nokre farisearar der i Jerusalem. Det heile endar med at mannen som fekk augene opna av Jesus- han erklærer at han trur, medan farisearane vert skulda for å vere blinde, som verken kan eller vil sjå kven Jesus er.

Ein port er ei opning i noko som elles er lukka. Der porten er, er også vegen inn eller ut til noko anna. Porten er staden der vi på ein enkel og sivilisert måte bevegar oss når vi skal gå frå eit område og inn på eit anna område! Ei dør er mykje av det same; berre at døra gjerne står i noko som er endå meir lukka, til dømes eit hus- eit hus utan dører, utan muligheit til å komme verken ut eller inn er jo både ein skrekk og ei umuligheit. Portar og dører er til for å kunne opnast, samtidig som dei også er med på å gjere det trygt på innsida. Ope og trygt, det er porten si oppgåve!

Jesus fortel først om dei som ikkje brukar porten, dei som klatrar over gjerdet ein anna stad enn der det er opning for det: Dei er tjuvar, røvarar- og det er ganske tydeleg at det er desse fariserarane han pratar med han meiner. I dag også er det vel slik at om du ser noko som kryp inn eit vindauge i eit hus, så tenker du at dette ikkje ser heilt rett ut. (Sjølvsagt er det ein sjanse for at vedkommande berre har låst seg ute!) Gjetaren derimot, han går med faste skritt inn der han skal, inn til sauene. I porten inn står det tydelegvis ein person til, ein portvaktar, eit ekstra nivå av sikkertheit, men det er ikkje eit problem- for han kjenner også gjetaren, og opnar opp for han. Når den gjetaren nærmar seg sauene, skaper ikkje det uro og frykt, men glede og gjenkjenning: Dei høyrer den gode stemma, og kjenner att gjetaren sin. Og gjetaren kjenner sauene også, til og med namnet deira. Det var nok ikkje vanleg i eit gjennomsnittleg sauehald i Midtausten for 2000 år sidan at han som eigde sauene hadde namn på kvar enkelt sau; kanskje på dei som utmerka seg, med tydelege kjenneteikn. Men denne gjetaren kjenner alle med namn, det er ikkje berre ei mengd sauer, men ein flokk der kvar og ein er sett. (Kanskje minner det oss om Jesus når han møter Maria Magdalena utanfor grava; ho veit ikkje at det er Jesus, ser det ikkje, det kan det jo ikkje vere; ikkje før Jesus seier «Maria» til henne, namnet hennar; då ser ho han, då kjenner ho att, slik ho sjølv er attkjent.)

Det er tydeleg at Jesus seier: Desse lærarane og leiarane som verken kan eller vil sjå at eg er sendt frå Gud, dei er som desse røvarane som prøvar å ta seg inn til saueflokken. Dei er ikkje til å stole på, dei kjenner ikkje igjen Guds handling sjølv om det skjer rett framfor augene på dei; dei klarer ikkje å sjå at når ein mann får synet igjen så er det Guds krefter som er på ferde. Men heller ikkje når Jesus seier dette, skjønar dei kva han seier.

Kanskje vert desse som ikkje vil sjå ståande som ei påminnng til oss: Ser vi? Eller stivnar vi fast i vår eiga for-forståing, vårt eige fastlåste syn på verkelegheita? Kan Jesus vere ein som forstyrrer oss, som får oss til å sjå etter ein gong til, tenke gjennom ein gong til? Det er jo mykje som kan vere annleis enn vi trur! Sjølvsagt ikkje for at det er gale å gjere seg oppfatningar og meiningar om ting; men kristen tru handlar ikkje om å halde blindt fast på noko, heller om å få opna augene av han som alltid ser, slik alt eigentleg er- han som kjenner og elskar det han ser, han som kjenner og elskar oss.

Jesus held fram med å tale i same språket; men i staden for å seie at han er den gode gjetaren,slik vi kanskje kunne vente, så går han ein omveg: Eg er porten, seier han. Når Jesus seier «Eg er» er det alltid eit ekko frå det gamle testamentet, frå når Moses får vite at Guds namn er EG ER. Når Jesus seier «eg er» er det ei avsløring av kven han eigentleg er, at han er frå Gud, komen til oss for å vise oss kven og kva og korleis Gud er.

Han er er altså porten, staden der vi går inn og ut; Jesus er han som opnar opp for oss, slik at vi kan leve i fellesskap med Gud. Påskeforteljinga er forteljinga om korleis Gud opnar både tida og framtida, heile tilveret, opp for oss Det er forteljinga om korleis Jesus, som vert eit uskuldig offer for menneska sin vondskap, snur alt opp-ned og kjem tilbake til menneska med eit tilbod om forsoning, tilgjeving og nytt liv! I staden for ei lukka framtid, utan fellesskap, utan liv, der døden er det siste,  opnar Jesus for alt dette gode: Han gjer at vi kan finne beite, at vi kan bevege oss fritt og lett, for å bruke bileta frå teksten; Jesus opnar der det var lukka, han tilbyr oss ei betre retning og ei større meining,  han gir liv til og med når døden får overtaket.

«Eg er komen for at de skal ha liv og overflod!» avslutter denne teksten med. Eigentleg er dette ei oppsummering av alt Jesus gir oss; ei oppsummering av kva evangeliet handlar om! Jesus kjem til menneska, til oss, fordi Gud er ein Gud som vil liv, som opnar opp for framtid og fellesskap på måtar vi enno berre kan ane.

Kyrkja skulle spegle dette livet, dette fellesskapet, dette opne; vise eksempel på det, vere ein stad for liv og overflod. Nokre gongar skjer det, andre gongar er vi ganske langt i frå. Men midt i det ufullkomne har vi ein stad og eit teikn på at Gud vil liv og overflod: Det er nattverden, måltidet Jesus inviterer til. Der får vi ta i mot teiknet frå Gud på at alt er kjent, alt er gjort opp, alt er opna opp. Vi tek i mot oppstoda og livet i vår eigen kropp, Dei vi er tek i mot Han som er.  Porten er opna av han som døydde, men stod opp- og vi får gå fritt inn og ut, til liv og overflod.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var og er og vera skal, ein sann Gud, frå æve til æve.

 

Salmar:

189 Guds kyrkje syng kring vide jord, 328 Vår hyrding er vår Herre Gud, 643 Du som veien er og livet, 207 Livet vant, dets navn er Jesus, 197 Deg være ære

 

Photo by Martin Bisof on Unsplash

Tilbake