4. s. i påsketida: Nærleik og avstand


Påskefeiringa held fram, men det blandar seg ei uro i denne gleda. Jesus lever, men me er jo likevel skilde frå han? Slik var det for læresveinane, og slik er det for oss i dag. Kva gjer ein då? Det handlar denne sundagen om. 

 

Av Per Kristian Hovden Sætre, sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden.

Med det same Judas hadde fått biten, gjekk han ut. Det var natt. Då han hadde gått, sa Jesus: «No lyste Guds herlegdom om Menneskesonen, og herlegdom lyste om Gud gjennom han. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han. Ja, snart skal Guds herlegdom lysa om han! Endå ei lita stund er eg hos dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg, men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Johannes 13,30-35

«Nærast er du når du er borte, noko er borte når du er nær,» skriv Tor Jonsson. Det er ikkje langt unna at noko som liknar på desse linjene kunne stått i slutten på Johannesevangeliet. I evangeliet si påskeforteljing held Jesus ein lang avskilstale før han vert pågripen i Getsemane-hagen. Talen utgjer nesten ein fjerdedel av heile evangeliet, frå kapittel 13 til 17. Jesus held ein lang meditasjon over kva det tyder at han ikkje lenger skal vandre rundt saman med læresveinane. Han fortel at han skal stå opp, men likevel går han frå å vere heilt nær til å vere langt borte. Dette vert ei krise for læresveinane, og deira sorg og uro høyrer me som såre undertonar gjennom heile talen.

I tida frå påske til pinse er mange av preiketekstane henta frå denne delen av Johannes. Slik er det også denne sundagen. Det er ikkje berre læresveinane som har vore redde for å verte etterlatne som foreldrelause born, som det heiter ein stad i talen (14,18). Orda treff oss også. Dei fleste kan frykte å verte åleine, og slett ikkje berre når me er born. Akkurat no har året som ligg bak oss, med nedstengingar og sosial distanse, har lært oss mykje om å vere åleine og sorga over å ikkje kunne vere saman. Nokon kvar kunne vel lengta etter tryggleiken og samhaldet som Jesus og venegjengen hans hadde.

Like fullt seier Jesus ein stad i talen at «det er til beste for dykk at eg går bort» (16,7). Det er ei paradoksal utsegn. Jesus held fram med å snakke om at han skal kome tilbake, men i ventetida skal Den heilage ande kome og trøyste læresveinane. Og så er det eit anna tema som Jesus heile tida kjem tilbake til i denne talen. Han gjev læresveinane eit nytt bod: «De skal elske kvarandre» (13,34). På den måten, i læresveinane sin kjærleik til kvarandre, kjem Jesus framleis til å vere nær. For å bruke Tor Jonsson sitt dikt att, i dette kan ein merke at det framleis «ligg ein bortgøymd tone og dirrar mellom oss».

Slik sett gjev det kanskje meining at det var til det beste for oss at Jesus gjekk bort. Hadde han vorte verande, så hadde det kanskje vorte verande berre ein omreisande gjeng læresveinar med ein rabbi i midten. Men når denne fyrste fellesskapen vart broten og spreidd, vart det kimen til eit fellesskap som kunne vekse og vitne om Jesu kjærleik til stadig fleire – også til oss to tusenår seinare. Tenkjer ein slik, er det ikkje så smått det me held på me. Når me viser kjærleik til kvarandre, tek den ekstra telefonen til nokon som sit åleine, går på butikken for dei som ikkje vågar sjølve eller ruslar ein tur med nokon som treng luft utanfor veggane heime, så er det på den eine sida heilt vanlege gode gjerningar. På den andre sida er det teikn på at me ikkje er åleine. Gud har ikkje gløymt oss.

Tilbake