Fire dagar i føste veka i skuleferien var born frå Volda og Vanylven samla til Dalsfjordleir på Dalsfjord skule.
Medan foreldra var på jobb, kunne 28 born ( til tider 30 born) boltre seg med dei mange ulike aktivitetane som det var lagt opp til. Dalsfjordskule er eit supert utgangspunkt for å ha ein slik dagsleir. Gode tilhøve både inne og ute. Nær fjord og fjell. Og å kunne ha eit slikt tilbod i bygda er godt å ha desse dagane sidan skulen og sfo er slutt for sommaren, medan ferien for dei vaksne ikkje har starta. Leiren er open for dei som ikkje bur i Dalsfjord og. Det var born frå Syvde, Fiskå og Volda med, nokre av dei budde med slekt i Dalsfjord og nokre kom køyrande eller blei henta på ferga.
Nytt for året var at vi tok ein båttur til Yksnøya, der lagde vi mat på bål og hadde ein god lunch der. Og medan nokre gjekk på tur rundt øya vart nokon att for å fiske. Takk til dei som stilte med båt og gjorde dette mogeleg å gjennomføre. Sjølve båtturen var og veldig kjekk.
Dette var min første gong som leiar på Dalsfjordleir. Det var spennande for her var det så lange tradisjonar. Dette var tydeleg , borna gledde seg og hadde forventningar, for nokre var det deira første leir, for andre td deira 6. leir. Då Runhild opna leiren og sette på ein av songane som dei alltid brukar, var alle fullt med, det var ein fantastisk synge og danseglede. Entusiasme var det og på aktivitetane, det blei laga mange flotte perlesmykke, dørskilt og batikkfarga sokkar og teskjorter.
Då ordføraren kom syklande innom til lunch, fekk ho ein song og borna sa litt om kva dei syns var kjekkast. Klatring og skyting var nok det allar mest populære. Dei andre aktivitetene som pil og boge og ulike ballsport og teatersport, baking og kreativt hjørne var og populære. Det er tradisjon at alle som er ferdig med 3, klasse kan overnatte ei natt. Vi som overnatta fekk ein lang dag med bading, ballongvolleyball og anna leik Dagen blei avslutta med pizza og film.
På siste dagen hadde Henrik Koppen kunstprosjekt med ei gruppe med veldig flott resultat! Kurt Gjøsdal hadde sykkelmekkeverkstad og Isak fotball. Det mest imponerande er alle dei unge medarbeidarane som gjorde ein kjempeinnsats gjennom heile leiren, dei hadde sjølv vore på leir som yngre og no var dei med på kjøkkenet, i aktivitetane og som gruppeleiarar.
Leiren vart avslutta med ei gudsteneste der alle var med på ulikt vis og dei frammøtte fekk sjå bilete frå leiren og siste del av leirens tema: «Bank på» blei forkynt og vist med drama. Gjennom ulike bibelforteljingar har vi i løpet av leiren blitt kjent med bibelversa i Matteusevangeliet 7. kapittel og vers 7-12. Dette er vers som gir oss livsmeiistring og oppmuntrar oss til å ta vare på kvarandre.
Takk til alle dei unge og vaksne frivillige, dei i kyrkjestaben i Volda og Brit Iren frå Vanylven for ein flott leir. Og takk til dei flotte deltakarane! No kan vi berre gle oss til neste års Dalsfjorleir!
Helsing Wendi Stråbø,
medarbeidar i trusopplæringa i heile Volda.