Kyrkjekontoret i Volda held feriestengt frå 26. til 30. juli. Dersom ein kan vente, får ein best hjelp om ein vender seg til kontoret frå og med neste veke. Til saker som hastar meir har vi eigen vakttelefon.
Har du spørsmål som hastar, kan du ringje sokneprest Per Kristian Hovden Sætre på 957 69 292. Du kan også sende ein e-post. Dersom han ikkje er oppteken med andre gjeremål, kan han hjelpe deg med mykje, men ikkje alt, av det kyrkjekontoret driv med til vanleg.
Utover at kontoret er stengt, er kyrkja i Volda i vanleg sommardrift. Gudstenesteliv, dåp og gravferder går etter oppsette planar. Til helga er det dåpsgudsteneste i Austefjord og vigsle i Hornindal på laurdag, og på sundag er det gudsteneste i Volda klokka 11, dåpsgudsteneste like etterpå, og kveldsgudsteneste på Bjørke klokka 19. Vel møtt i kyrkja!