Både små og store er hjarteleg velkomne til dåp i kyrkjene i Volda!
I kyrkjene i Volda ønsker vi å gjere vegen til dåpsfeiringa så enkel som mogeleg!
Dåpspåmelding skjer gjennom eit eige skjema som de finn på denne lenka.
Første trinn i påmeldinga er å velje kyrkje og søke opp ledige datoar. Alle ledige datoar dei næraste månadene kjem då opp. Om de ser av kalenderen at det er gudsteneste i den aktuelle kyrkja og datoen ikkje kjem opp, kan det skuldast at dei oppsette plassane til dåp er fullteikna. Då kan de kontakte kyrkjekontoret og høyre om det likevel er mogelegheiter – ofte går det heilt fint.
Etter at de har valt dåpstidspunkt i skjemaet, legg de inn informasjon om barnet og foreldra. Det er naudsynt å kunne laste opp fødselsattest eller tilsvarande for å levere skjemaet. Etter at ein har levert skjemaet, kan ein logge seg inn med telefonnummeret ein har lagt inn og endre oppføringa. Ein treng dermed ikkje ha alle namn og detaljar på plass for å levere den fyrste påmeldinga og reservere tidspunkt. Vi oppmodar alle om å levere påmeldingane så tidleg som mogeleg.
Om de har spørsmål, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret eller ein av prestane!
Dåp på søndagar
Dei aller fleste føremiddagsgudstenestene på søndagar og andre heilagdagar er opne for dåp. Dersom det er særleg mange som ynskjer dåp ein dag, kan det verte aktuelt å sette opp eiga dåpsgudsteneste i etterkant, ofte klokka 13. Ver difor budde på at de kan få tilbod om dåp same dagen som de har ynskt, men til eit anna tidspunkt.
Konfirmantdåp
I Den norske kyrkja er det slik at konfirmasjonen følgjer etter dåpen. For dei som ikkje er døypte frå før og ynskjer å late seg konfirmere, vert dåp dermed ein del av konfirmanttida. For desse konfirmantane vert det utarbeidd eit enkelt opplegg for dåpsførebuing. Tid og stad for dåpen vert avtala med den einskilde familien, men det vanlege er dåp ein gong mellom påske og sommarferien.
Velkomne til dåp i kyrkja dykkar!
(Foto: Bo Mathisen)