Vil du bli døypt? Vil du døype barnet ditt? Laurdag 2. oktober er det open dåpsdag i Volda kyrkje. Inga påmelding er naudsynt denne dagen – berre møt opp, bli registrert, feir dåp i kyrkja og bli med på open dåpsfest om du vil!
Open dåpsdag for små og store er ein dag då vi vil gjere det så enkelt som mogeleg å verte døypt. Nokre har utsett dåpen grunna koronaen og ikkje funne eit godt høve til å arrangere dåp att. Nokre ynskjer ikkje merksemda som dåp i søndagsgudstenesta gjev, og andre ynskjer ei enklare dåpsfeiring av andre grunnar. Alle, både små og store, er uansett velkomne til dåpen når vi arrangerer open dåpsdag i Volda.
Det er ikkje naudsynt å melde seg på på førehand. Du er velkomen uansett kvar du bur. Det einaste kravet er at den som vil verte døypt, ikkje er døypt frå før. Frå klokka 14 opnar vi for registrering på kyrkjekontoret (Rådhusgata 6a). Derifrå går ein ned i kyrkja, har ein kort dåpssamtale med ein av prestane, før ein går inn i kyrkja og gjennomfører dåpshandlinga. Då får de dåpsattesten like etterpå. Alle som har lyst, kan deretter vere med vidare opp på Uppheim, der soknerådet og andre frivillige steller i stand open dåpsfest.
Velkomen til dåp 2. oktober!
(Foto: Kyrkjerådet/Malin Longva)