Torsdag 21. til søndag 24. oktober er det kyrkjemusikkdagar i Volda. Kvar dag er det konsertar eller salmekveld, og gudstenesta på søndag er også ein del av festivalen med tema "kyrkja og dans". Vel møtt!
Det er ein heilt naturleg reaksjon å bevege seg til musikk som fengjer. Når rytmen pulserar, hjerteslaget vert synkroniserte med takten i musikken, då er det umogleg å motstå at føtene byrjar å danse. Slik har det vore også i urkyrkja sine gudstenester. Dans var ein del av det liturgiske uttrykket - noko som vi i dag kanskje ville sjå på som forstyrrande og ikkje passande. Men trass i at den fysiske dansen har forsvunne frå våre gudstenester, så har vi tatt vare på den dansande musikken likevel: salmeboka er fulle av salmar som har sitt utspring i folketonar, folkedansar eller melodiar som blei inspirert av «dansemusikk».
Kyrkjemusikkdagane i Volda som vert arrangert frå 21. til 24. oktober i år, vil setje fokus på dans og kyrkja. Alle arrangementa er i Volda kyrkje. Kveldsarrangementa er klokka 19 torsdag, fredag og søndag kveld. Sjølv om vi ikkje fekk det til å kunne presentere fysisk dans under arrangementa våre (alle aktuelle dansarar med lokal tilknytting hadde allereie andre oppdrag, og vi var kanskje litt seint ute, men pga. pandemien viste ingen korleis situasjonen med tiltak ville vere i slutten av oktober), så vil musikken tale for seg sjølv.
Festivalen opnar med eit fyrverkeri av nasjonalromantisk dansemusikk - «Fingerdans på tangentene». Denne konserten er torsdag 21. oktober kl. 19. Pianoduoen Olav Egge Brandal og Bert Handrick skal presentere seg i ein heil konsert med firhendig pianomusikk. På programmet står Antonin Dvorák sine Slaviske dansar op. 46, Johannes Brahms sine Ungarske dansar, fire Spanske dansar op. 12 av den tysk-polske komponisten Moritz Moszkowski og sjølvsagt Edvard Grieg sine Norske dansar op. 35. Ein kan vente seg mykje glad og virtuos musikk full av sprudlande energi - noko som vi truleg alle treng etter alle dei strenge tiltak under pandemien som vi måtte leve under dei siste 17 månadene. Inngang kroner 250.
Fredag 22. oktober vert det arrangert ein salmekveld klokka 19 under mottoet «Folketonar og folkedans». Salmeboka sine melodiskattar som har tilknytting til dans eller dansekarakter skal sjåast nærmare på. Eit panel beståande av sokneprest Per Kristian Hovden Sætre, teolog og forfattar Jan Ove Ulstein, komponist Magnar Åm og kantor Bert Handrick skal snakke i korte innlegg om temaet. Arild Andenes (trompet), Morten Bollerud (trekkspel) og Bert Handrick (piano) står for improvisatoriske innslag og akkompagnementet til allsong. Kollekt.
På laurdag vert det 12-konsert med John Inge Leira Bjøringsøy. Også han skal ta temaet opp i musikken han skal spele: dans og kyrkja. Inngang kroner 100.
På søndag klokka 11 vert det gudsteneste med musikk som passar til temaet, og vi skal ta opp salmar som blei presentert under salmekvelden. Arild Andenes (trompet), Morten Bollerud (trekkspel) og Bert Handrick (piano, orgel) står for musikkinnslag og akkompagnement. Prest er Johnny Leikvoll Drabløs.
Og så kjem avslutningskonserten om kvelden klokka 19 - «Når sjela får venger». Volda kyrkjekor skal syngje musikk av Ola Gjeilo og ei urframføring av Bert Handrick. Ola Gjeilo sin musikk er sanseleg, klangfull og harmonisk. Den lar sjela sveve og tankane fly. Den same opplevinga vil ein få når komposisjonen til Bert Handrick vert framført for første gong. Verket med tittelen «The Power of Transcendency» (Kraften, energien i det eteriske, metafysiske, oversanselege) er basert på antifonen «O eterne Deus» som den store mystikaren frå middelalderen, Hildegard von Bingen, har skreve tekst og melodi på. Olav Egge Brandal er pianist i verket og vil også vere akkompagnatør til mesteparten av stykkene til Ola Gjeilo.I tillegg har vi improvisert musikk med i programmet. Magnar Åm vil presentere musikk på glass, mens Quest vil ramme inn programmet på kjent vis. Med denne konserten rundar vi av Kyrkjemusikkdagane i Volda. Inngang kroner 250.
Vel møtt i Volda kyrkje!