Helgemesse: På jorda som i himmelen


Når Jesus snakkar om himmelen, er det ikkje ein stad å flykte til. Det er ei gåve som kjem til oss. 

Av Per Kristian Hovden Sætre, sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden. Preike i Volda kyrkje helgemessesøndag, 7. november 2021

De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned. De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! (Matteus 5,13–16)

Himmelen har dårleg rykte om dagen. 

Då tenkjer eg ikkje fyrst og fremst på at gullgater kanskje er litt upraktiske og at evig korøving for dei fleste av oss høyrest litt slitsamt ut. Gullgatene og himmelsongen er berre to av dei mange og mangfaldige bileta Bibelen brukar for å skildre tilveret i Guds nærleik. Ordet «himmelen» er jo i og for seg eit tredje. Me må berre gå ut frå at det er språket vårt og førestillingsevna vår som sviktar i møte med Guds lovnader. Gud lover jo evig liv, der avstanden mellom Gud og menneske er borte og fellesskapen fullkomen. Det er heilt utanfor alt me kjenner og på tvers av alt me har erfart. Eg trur det er her me kan finne forklaringa på den litt rare kjensla som i alle fall dukkar opp i meg når me stemmer i med «I himmelen, i himmelen,» same kor vakker eg synest salmen er. Kjensla av noko rart og framandt i dei sterke bileta er kanskje mest ei uroa over at språket vårt sviktar og me strevar litt med korleis me skal tenkje og sjå føre oss dette. Samstundes gjer jo det ikkje lovnadene noko mindre – kanskje eigentleg litt tvert imot? 

Når eg seier at himmelen har dårleg rykte, tenkjer eg på noko anna. Nemleg skuldinga om at lovnadene om himmelen gjer dei som trur verdsfjerne. «Eg er ein fattig ferdamann,» syng me i ein annan av salmane i dag. Som om me berre var på gjennomreise, såg oss litt rundt i denne jammerdalen, parkerte bubilen i vegkanten, tok eit par bilete og forsvann igjen like fort som me kom, fordi me skal uansett herifrå og er på veg til himmelen. Og kan ein eigentleg forvente ekte engasjement, ekte empati, frå dei som i sjel og sinn alt er ein annan stad? Sjølv om eg ironiserer litt no, så trur eg det kan vere hald i desse skuldingane. Det finst ein tendens – eller ei freisting, kanskje? Kristne har av og til trekt seg bort frå verda. Ut av samfunnsliv, kultur og politikk, av og til isolert seg også sosialt. Me ser det når somme ikkje bryr seg om dei verkeleg store utfordringane for menneska i verda i dag. Det finst dei som ikkje vil ta noko ansvar i kampen mot fattigdom fordi Jesus sa at dei fattige har de alltid hjå dykk. Det finst dei som faktisk ser polane smelte og ekstremvêret råke og meiner at kyrkja ikkje skal støtte arbeidet mot klimaendringar, fordi verda uansett skal brenne og gå under. No gjev eg ganske ytterleggåande døme, men det er ikkje meir sett på spissen enn at synspunkta har vore formulert på sosiale media i løpet av siste veka. Det er likevel ikkje desse døma i seg sjølv som er mest interessante – det er at desse tendensane finst der i tekstane og tradisjonane våre. Det er mogelege slutningar. Men så tenkjer eg, det er nokre tekstar som talar sterkt imot desse tendensane. Ikkje så reint sjeldan er det ord frå Jesus sjølv.  Slik som i dagens preiketekst. 

Preiketeksten i dag på helgemessesundag er henta frå Bergpreika. Bergpreika er den lengste talen til Jesus i evangelia og går over tre kapittel i Matteusevangeliet, og inneheld tolkingar av moselova, rettleiing og formaningar. Det er stort sett undervisning om kva ein skal gjere og ikkje gjere. I det utsnittet me akkurat las,  seier Jesus til dei som høyrer på: «De er saltet i verda! De er lyset for verda!» De skal gje verda smak, hindre forråtning, lyse opp i dei mørke krokane, late folka finne kva dei kan gå! Og det kan ein faktisk ikkje gjere om ein ikkje er til stades og i sjel og sinn har reist til himmelen allereie. Jesus snakkar i kraftige ordelag her om  at dei som vil følgje han, har ei stor oppgåve i verda, eit høgt kall, om du vil, og då må ein vere til stades. Det er her og no me lever. Her og no me kan tene. 

Men det er ikkje på grunn av det ein gjer at ein kan vere ljos og salt. Det utsnittet me les i dag, kjem nesten heilt fyrst i talen. Før Jesus har kome med eit einaste påbod. Han kjem etter talen sin revolusjonerande start: «Sæle er dei fattige. Sæle er dei som sørgjer. Dei audmjuke. Dei som hungrar og tyrstar etter rettferd. Dei miskunnsame. Dei reine i hjartet. Dei som skaper fred. Dei som blir forfølgde.»  Folk var meir vane til å høyre slike ting som at «Sæl er den mann som grunnar på Herrens lov dag og natt,» og det var jo ikkje noko vanleg folk i praksis hadde verken tid eller mogelegheiter til. Dette var før åttetimarsdagen, elektrisk lys og billege, trykte bøker. Sæla, lukka, fekk vere for andre folk. Men Jesus snur det opp ned. Der står han, ute på bukkebygda i Galilea, i bakkane opp frå Genesaretsjøen, og snakkar til ei samanraska forsamling av menn og kvinner, vanlege folk med vanlege, strevsame yrke. Dei har gjort sine feilskjer og har nokre arr, alle saman. Og så seier Jesus: «Sæle er de! Slik de er!» Talen byrjar der. Jesus byrjar med å gje dei lukka. Nåden. Ein plass å høyre til. Eller lovar dei ein plass i himmelen, om du vil.

Og så, når Jesus talar vidare, så er det tydeleg at rørsla ikkje går frå jorda til himmelen. Rørsla går motsett veg. Han lærer tilhøyrarane sine å be: «Lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen.» Det skjer noko når Jesus gjev tilhøyrarane ein stad å høyre til. Det minner litt om det som er skildra i teksten frå Salme 84 som Karina las i stad. Salmen skildrar opplevinga av å kome til tempelet, staden der himmelen møter jorda, der Gud er nær:

Sporven har funne ein heim,
svala har fått seg eit reir
der ho kan leggja sine ungar,
ved dine altar, Herre Sebaot,
min konge og min Gud.
Sæle er dei som bur i ditt hus,
dei skal alltid lova deg.

Det er eitt av dei finaste bibelversa eg veit. Det høyrest så fredeleg ut å kunne leggje seg som ei svalemor på reiret, trygt og godt innved Herrens altar. Og me veit at både menneske og fuglar, alt levande, treng slike trygge stader og lengtar etter dei. Ein kan kanskje verte freista til å vere der. Men fuglen må også ut i verda, ut og flyge for å finne mat. Sameleis var ikkje tempelet i Jerusalem ein stad for permanent opphald. Tre gonger om året, berre, skulle folk reise opp dit. Likevel er Det gamle testamentet fullt av lovprising av dette tempelet, som gav eit forankringspunkt i verda. Folket høyrde til der, i Guds nærleik, same kvar dei budde til kvardags. Det var eigentleg denne tilhøyrsla som gjorde at dei var eit folk. Og slik er det også når Jesus forkynner om himmelen. Han lovar oss ein stad å høyre til. Ein stad å lengte til. Og det gjev tryggleik. Og det gjev kraft. Kraft til å tene. Slik er det Jesus kan slå fast at «De er saltet i verda!» For det handlar ikkje om kva me gjer og ikkje gjer. Det handlar om kvar ein høyrer til. Og at Jesus gjev nokre lovnader som gjev tryggleik og kraft. 

I dag på helgemesse minnest me helgenane utan namn. Frå gammalt av var det ein dag for alle helgenane som ikkje hadde fått eigne minnedagar resten av året. For ein lutheranar for meg kan ideen om helgenar eigentleg verke litt framand, sjølv om Luther meinte at ein burde minnast og ære helgenane. Men tanken på helgenar utan namn er lettare. Tanken på at me har møtt menneske som har vitna om himmelen. Som i det dei har gjort, det dei har vore for oss har skapt litt meir himmel på jorda. Det takkar me for i dag. Og så let me dei vere våre førebilete. Her me kjempar med vår tids store utfordringar, med fattigdomen nokre stader, og overforbruk andre stader. Her me kjempar med kvardagens små og store utfordringar, med uro for mange ting. Her lever me. Her skal me tene. Men lovnadene Jesus gjev, gjev tryggleik og kraft. Det viste dei heilage oss. Og me høyrer til same staden. Og me er klare til å gje himmelen eit godt rykte igjen.

«De er saltet på jorda!» seier Jesus. «De er lyset i verda!» Sæle er dei. Sæle er me.  

(Foto: Kaushik Panchal på nettsida Unsplash. Bibeltekstar: Bibelselskapet 2011)

Tilbake