Babysong på Uppheim


Born under barnehagealder saman med mødre,fedre, besteforeldre eller andre vaksne er hjarteleg velkomne til babysong på Uppheim annankvar torsdag!

Vi syng og lærer enkle kjente og nye barnesongar med både kristent og allment innhald, rim og reglar – og vi tek i bruk sansane våre. Etter ei songsamling stiller vi med kaffi, te og saft – ta gjerne med nistepakken for å ta lunsjen saman med andre born og vaksne!

Ein melder seg på ved å sende ein SMS til kateketvikar Ingeborg Eikenæs på førehand – telefon 458 74 541. 

Samlingar våren 2022

Samlingane er torsdagar frå 11 til 12. Følgjande datoar er sette opp for våren, med attehald om endringar grunna smittevernomsyn:

13. januar *
27. januar*
10. februar
10. mars
24. mars
07. april
21. april
05. mai
19. mai
06. juni
16. juni

 

Facebook

Babysong på Uppheim har eiga Facebook-gruppe der siste nytt vert delt. Meld dykk gjerne inn her for å få med dykk siste nytt!

Tilbake