Fornying for teneste i dei komande 100 år


Prosessen er i gang med ei fonyande restaurering av hovudorgelet i Volda kyrkje. Prosjektgruppa har levert sitt framlegg til fellesrådet og før jul vart prosjektsøknaden sendt Møre biskop for godkjenning. 

Sjå animasjonsfilmen om hovudorgelet og les meir om prosjektet 

Volda kyrkje er grunna sin unike akustikk og si utsmykking eit godt kjent landemerke. Voldingane er ikkje utan grunn stolte av kyrkja si og brukar henne også som konserthus. Her har det runga store verk som J.S. Bach sitt Juleoratorium eller sin Matteuspasjon, men også framføringar av mindre store korverk eller orkesterframføringar. Elevane ved Volda kulturskule har spelt talrike konsertar her.

Hovudorgelet i Volda kyrkje har alltid vore ein del av dette rike kulturlivet. No er tida moden for fornying. Den aldrande dronninga av alle musikkinstrument treng sårt ei fornying av både pipene, alt det tekniske mellom tangentane og pipene og sjølve spelepulten. Ikkje minst må vi erstatte dei gamle elektriske leidningane frå 1930-talet. Brannsikringa må løftast opp til dagens standard. Sunnmørskatedralen har fortent eit orgel som løftar song og musikk.Fornyinga skal følgje det eksisterande tysk-seinromantiske klangkonseptet,samtidig skal orgelet utvidast med eit 3. manual. Det er også planlagt akustiske forbetringar.

Etter å ha fått alle godkjenningar og med etterfølgjande anbodsprosess, skal ein internasjonal anerkjent orgelbyggjar få i oppdrag å utføre arbeidet. Antakeleg kan det ferdige orgelet bli innvigd om 2-3 år.Fram til då må vi jobbe for å få inn økonomiske midlar for å kunne betale fornyinga.Fornyinga vil koste mellom 8 og 10 millionar kronar.

ORGELET TRENG DI HJELP!
Vil du bidra til restaureringa, send bidraget ditt til:
Vipps 531512 «Fornying hovudorgel» eller konto: 3991.13.64623

Tilbake