Volda kyrkjekor inviterer i haust til eit korseminar om eit av dei mest populære og storslagne kyrkjemusikkverk - Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium (kantatene 1 - 3). Konsert vert 10. og 11. desember klokka 19!
Volda kyrkjekor inviterer til eit korseminar for kor, enkeltkorsongarar og songglade folk med eller utan korerfaring i regionen Sunnmøre. Målet er å framføre dette storslåtte verket i Volda kyrkje laurdag og søndag 3. advent i år.
Invitasjonen gjeld både unge og vaksne. Planen er å leggje tilrette for at barn og unge også få moglegheita til å vere med å syngje dette flotte verket.
Seminaret vil ha oppstart i 31. august 2022 og foregå i Volda kyrkje annakvar onsdag frå kl. 19.30 til kl. 22.00. I sluttfasen vil vi samle alle deltakarar til fellesøving med solistane og orkesteret for så å framføre resultatet i to konsertar i Volda kyrkje.
Er du interessert? Har du lyst til å oppleve noko stort i lag med andre korentusiastar frå regionen din? Syng du i kor - blanda kor, damekor, mannskor, barnekor eller ungdomskor - eller er berre glad i å syngje, så meld deg på!
Påmelding:
Du melder deg på i det du sender e-post til kantor@volda.kyrkja.no med følgjande opplysningar (du kan kopiere dette skjemaet og fylle ut):
- fornamn, etternamn
- adresse
- mobilnr., e-post-adresse
- stemmegruppe (skriv om du syng sopran, alt, tenor eller bass)
- om erfaring med korsong (stryk det som ikkje gjeld deg):
- Eg er medlem i koret …. (skriv namnet til koret her).
- Eg syng ikkje i kor for tida, men har vore med i koret … (skriv namnet til koret her).
- Eg har ingen erfaring med korsong, men er glad i å syngje og har god songstemme.
Deltakaravgift:
Deltakaravgift er på NOK 500,-. Du vil få ein faktura saman med bekrefting på påmeldinga di i retur på påmeldings-e-posten din.
Notemateriale:
Vi brukar urtekst-utgåva til verket som arbeids- og framføringsmaterialet. Om du ikkje har denne utgåva frå før, må du bestille den sjølv.
Spesifikasjonar:
Johann Sebastian Bach: Weihnachtsoratorium (Juleoratorium)
Bärenreiter-Verlag (utgåvenummer: BA05014-90)
ISMN: 9790006461660
pris: Euro 14,95 (ca. 150,- kr + frakt og avgift)
Øvingslydfiler på nett:
For å bruke mest mogleg tid på musikalsk uttrykk i øvingstida, vert alle seminardeltarar oppmoda å bruke øvingslydfiler på nettsida til CyberBass til å førebu seg heime.
CyberBass - link: http://www.cyberbass.com/Major_Works/Bach_J_S/bach_js_xmas_orotorio.htm
Nokre video til inspirasjon:
Her kan du sjå videoopptak frå framføringa i 2012 der Volda kyrkjekor framførte Juleoratoriet i lag med Spjelkavik kyrkjekor. Solistane var Ragnhild Eide Akslen (sopran), Ragnhild Engeset (alt), Dirk Hauenschild (tenor) og Alf K. Vatne (bass). På orgelkrakken satt kantor Ola Eide (Spjelkavik kyrkje). Dirigenten var Bert Handrick, kantor i Volda, som også vil ha kunstnarisk ansvar for seminaret og konsertane i år.
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 1 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 2 (opptak frå Volda kyrkje 15. des. 2012)
J. S. Bach: Juleoratorium - kantate 3 (opptak frå Spjelkavik kyrkje 16. des. 2012)
Tidsplanen for korseminaret:
Alle øvingane vil foregå i Volda kyrkje frå kl. 19.30 til kl. 22.00.
- onsdag 31. august 2022
- bli kjent-kveld med første smakebitar
- onsdag 14. september 2022
- 1. Jauchzet, frohlocket
- 9. Choral: Ach mein herzliebes Jesulein
- 5. Choral: Wie soll ich dich empfangen
- onsdag 28. september 2022
- 24. Herrscher des Himmels
- 26. Lasset uns nun gehen gen Bethlehem
- 12. Choral: Brich an, o schönes Morgenlicht
- 17. Schaut hin, dort liegt im finstern Stall
- onsdag 12. oktober 2022
- 21. Ehre sei Gott in der Höhe
- 23. Choral: Wir singen dir in deinem Heer
- 28. Choral: Dies hat er alles uns getan
- onsdag 26. oktober 2022
- 21. Ehre sei Gott in der Höhe
- 33. Choral: Ich will dich mit Fleiss bewahren
- 35. Choral: Seid froh dieweil
- onsdag 9. november 2022
- 1. Jauchzet, frohlocket
- 26. Lasset uns nun gehen gen Bethlehem
- 9. Choral: Ach mein herzliebes Jesulein
- diverse andre koralar
- onsdag 23. november 2022
- 24. Herrscher des Himmels
- 21. Ehre sei Gott in der Höhe
- 23. Choral: Wir singen dir in deinem Heer
- diverse andre koralar
- onsdag 7. desember 2022
- 1. Jauchzet, frohlocket
- 24. Herrscher des Himmels
- 21. Ehre sei Gott in der Höhe
- andre satsar som treng oppfriskning og sikring
- fredag 9. desember 2022 - øving med solistar + orkester
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- laurdag 10. desember 2022 - forkorta generalprøve + 1. konsert
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- konsert frå kl. 19.00 til ca. 21.30
- søndag 11. desember 2022 - kort øving + 2. konsert
- tidplanen og øvingsinnhald vert kunngjort på eit seinare tidspunkt
- konsert frå kl. 19.00 til ca. 21.30
Om dirigenten og seminarleiaren
Bert Handrick er ein norsk komponist og kyrkjemusikar med tysk opphav. Han kom til Volda i 2008 for å jobbe som kantor i "Sunnmørskatedralen".
Han har mastergrad i komposisjon ifrå musikkhøgskulen i heimbyen sin, Dresden. Etter studiet jobba han som musikkviter ved Dresdner Zentrum für zeitgenössische Musik (Dresden sentrum for samtidsmusikk), som dosent for musikkteori og analyse ved musikkhøgskulen og som piano- og orgellærar ved Kamenz musikkskulen. Eit stipend frå det japanske kulturdepartementet gav han moglegheit til å studere eitt heilt år ved State University of Music and Fine Arts i Tokyo. Etter å ha kome heim til Dresden, byrja han å studere kyrkjemusikk ved Høgskulen for kyrkjemusikk. Masterstudiet han gjekk der på, inneheld i tillegg til orgelspel og korleiing også faget orkesterdireksjon.
Deretter jobba han i knapt to år som kantor i Geithain, ein liten by midt i delstaten Sachsen, før han kom til Volda. I denne korte tida dirigerte han slike store korverk som Juleoratoriet av J. S. Bach og Carmina Burana av C. Orff, sistnemnte under ein sommarfestival.
I Volda tok han over ein rik konserttradisjon som Volda kyrkjekor hadde etablert over mange år. Juleoratoriet blei framført mange gongar under hans leiing, men også J. S. Bach sin Matteuspasjon, A. Dvorak sitt Stabat Mater og G. Fauré sitt Requiem.
Vel møtt til ei unik koroppleving!