Volda 90 år: "Vi er den flokken han gjeter"


Preike av Per Kristian Hovden Sætre på jubileumsgudstenesta i høve Volda kyrkje 90 år.

Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong. Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve. Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei. Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting. Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid. Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.» «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?» «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.» Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset. Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti. Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger. Det var fem tusen menn som hadde fått mat. (Markus 6,30–44)

Som sauer utan gjetar

Sjelefred er ikkje å få kjøpt. Men det manglar ikkje dei som prøvar å selje det. Pandemien dei to siste åra har kanskje gjort salsframstøyta endå fleire. Mange har med god grunn vore urolege og redde. I tillegg har mange vore meir heime og meir åleine enn dei brukar. Då er det fort marknad for bøker, treningsutstyr, kurs, appar og alt mogeleg som kan hjelpe til med å gje mentalt fokus, konsentrasjon og ro i sjela. Sjølv har eg slått til på opptil fleire av desse tilboda. Eg har mellom anna fått meg ein ny vane på kontoret. Når eg har prøvd musikk på øyret og eg har vore gjennom alle sjangrar og ingenting hjelper meg å samle tankane, og har prøvd å ha det stille og tankane ikkje samlar seg då heller, så er det av og til bra å setje på eit lydspor med fuglesong eller bekkesus.  Ein dag dukka det opp ein reklame for «lydar frå sauebeitet». Det høyrdest fredeleg ut. For meg er det også gode barndomsminne med lyden av sauer rundt huset. Så eg trykte på play. Det skulle eg aldri ha gjort. Det var ei mekring og ei gjerming utan like. Det var lyden av lam som ikkje finn mødrane sine og sauer som ikkje finn lamma sine. Det var lyden av ein saueflokk i uro og full alarmberedskap. Frå naturen si side er det slik at alarmsignala skal spreie seg i flokken for å gjere alle dyra klare til flukt. Der eg sat åleine og ubudd på kontoret, kjende at eg sjølv også byrja spenne meg. Eg måtte berre slå av heile greia.

Slike kjensler gjekk gjennom Jesus også i dagens preiketekst. Han steig i land ved Genesaret. På breidda fekk han sjå fem tusen menn og kvinner og born som var langt heimefrå, langt ute i utmarka. Dei hadde hatt det så travelt med å kome seg dit at dei hadde gløymt matpakkane sine. Kanskje stakk uroa endå djupare også. Den var ei tid med mykje redsle og mange skifte. Mange var redde for framtida. Mange byrja tvile på dei som styrte, på prestane og på sjølve tempelet. Dei var redde for at Gud hadde gløymt dei heilt.

Tre bilete

Jesus såg og kjende uroa i flokken. Og han reagerte med inderleg medkjensle, står det. Jesus byrja undervise dei. Og då folket vart svoltne, tok han ein enkel matpakke og deler ut til dei alle. Så sat dei i dei grøne engene ved Gennesaret og åt og prata. Ei lita stund der hadde dei fred. Dei var ikkje åleine, og dei kunne vere trygge på at dei hadde mat. Det var eit under, men det gjev oss også eit bilete av kva Gud vil for flokken sin. Det liknar eigentleg  på biletet av den nye himmelen og den nye jorda som Karen las om i stad – då Gud skal bu hos menneska og tørke kvar tåre, og den tørste skal få drikke av kjelda med livsens vatn som gåve. Og eg tenkjer, at når kyrkja er på sitt beste, og det er ho rett som det er,  då kan kyrkja også vere eit tredje bilete av kva Gud vil for flokken sin. Då kan ho vere ein slik stad der flokken kan kome, få det ein treng av næring og finne fred og kvile.

«Du førde oss ut til uppkveikjing»

Ein slik stad hadde voldingane også – heilt til gamlekyrkja brann ned 7. april 1929. Når ein ser bileta av dei som går rundt på branntomta etter kyrkja, så er det nesten som ein kan kjenne sorga og uroa deira. Dei hadde vorte ein flokk i ulage. Då biskop Andreas Fleischer vigde nye kyrkja for 90 år sidan, song dei også «Kyrkja ho er eit gamalt hus» og høyrde mange av dei same bibeltekstane som me har lese i dag. Men biskopen preika over nokre vers frå salme 66. Det var ei stund eg ikkje heilt forstod kvifor han valde denne teksten, men det viser seg at han har forandra seg i dei tre omsetjingane som har kome sidan den gongen. Slår me opp i Bibelen Fleischer brukte, kan me lese: «Du let menneske fara yver vaart hovud, me kom i eld og vatn – du førde oss ut til uppkveikjing.» Biskopen såg at folket i bygda her hadde kome i eld og vatn. Men han såg også at Gud hadde ført dei gjennom det. Dette mønsteret finst i mange av forteljingane i Bibelen, og også i mange av salmane. Det peikar fram mot påskeforteljinga, mot Jesus som går gjennom døden og står opp til nytt liv på påskedag. Det er skaparkreftene som er på ferde. Oppstodekrafta. Og biskopen må ha sett denne krafta, denne uppkveikinga i arbeidet med den nye kyrkja. Viljen i bygda til å byggje nytt. Til å hogge stein, veve tekstilar, blande fargar og reise denne kvelven. Kyrkja er i seg sjølv eit vitne om Guds oppstodekrefter og livet som trassar død og undergang. Og i dette rommet, i dette huset, har det kome til mykje nytt liv. Her har det vakse og blomstra i generasjonar.

Heim for flokken i ei ny tid

No er det vår tur. Dei siste to åra har kyrkja stått her, men kyrkjedørene vore stengde i veker og månader. To gonger har me feira påske og jul utan å kunne opne dørene på vid vegg slik me gjerne vil. Det er ganske dramatisk når ein tenkjer over det. No håper me at me er siste fase av koronapandemien, men me er framleis ikkje heilt sikre på kva desse åra har gjort med oss. Mange har opplevd at det er fint med fredelegare dagar og rolegare puls saman med dei aller næraste. Det er ein lærdom me må ta med oss. Samstundes kan andre fortelje om saknet av det store fellesskapet. Noko vert borte når kyrkjelyd og bygdefolk vert nesten usynlege og me berre får nokre digitale glimt av kvar me høyrer til. No får me igjen samlast her, og det gjev oss ei mogelegheit til uppkveiking. Kva kan me gjere for å igjen gjere Volda kyrkje til ein stad der heile flokken, både store og små, kan kome og finne kvile i urolege tider?

Me har ikkje kurs og appar og dingsar du kan kjøpe. Det me derimot har, det er eit fellesskap. Me kan bere kvarandre. Det betyr noko at akkurat du er her i dag. Både for deg og dei som sit ved sidan av deg. At akkurat du smilte i det nokon kom inn døra. At her var nokon å slå av ein prat med. Og saman  ber me med oss ein skatt. Bodskapen om at me er Guds folk og den flokken han gjeter. Om at hyrdingen sjølv er her. At me i dåpen får stadfestinga på at me høyrer til i flokken. At nattverden er måltidet der det alltid er plass til ein til ved bordet. Når me kjem inn døra her og ser framover kyrkja, møter blikket hans oss frå altarveggen. Han ser oss. Han ser den uroa me ber på. Han har inderleg medkjensle med oss, og han bed oss setje oss ned og ta imot.

Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken han gjeter.
Kom gjennom portane hans med takkesong! (Sal 100,3b-4a)

(Bilete: Judith Prins på heimesida Unsplash. Bibeltekstar: Det norske bibelselskap)

Tilbake