Velkomen som konfirmant i Volda og Austefjord sokn 2022-23!
Alle ungdomar er velkomne som konfirmant i kyrkja. Både du som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
I konfirmasjonstida får du moglegheita til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du mange nye opplevingar og du får lære meir om Gud og deg sjølv.
INFOMØTE:
For å gje dykk naudsynt oversikt over konfirmanttida og høve til å stille spørsmål, inviterar vi konfirmant med ein føresett til informasjonsmøte: Onsdag 1. juni, kl. 18.00 - 19.00 på Uppheim i Volda.
Påmelding til konfirmantåret 2022/2023 skjer på nett.
Påmeldinga opnar 1.juni kl.19.00 og vert open til 30.juni.
Lenke til påmeldingsskjema finner du her: (kjem snart)
Her kan du laste ned konfirmantbrosjyra for Volda sokn:
/Portals/0/Dokumenter/Konfirmasjon/Volda%20konf.%20brosjyre%2023%20%28forkorta%29.pdf
Her kan du laste ned konfirmantbrosjyra for Austefjord sokn:
/Portals/0/Dokumenter/Konfirmasjon/Austefjord%20konf.%20brosjyre%2023%20.pdf
Konfirmasjonsdatoar for Volda sokn:
Laurdag 02.09.23, kl. 11.00 og kl. 13.00
Søndag 03.09.23, kl.11.00 og kl. 13.00
Laurdag 09.09.23, kl. 11.00 og kl. 13.00
Konfirmasjonsdato for Austefjord sokn:
Laurdag 09.09.23, kl.11.00
