Konfirmant i Dalsfjord sokn 2023


Velkomen som konfirmant i Dalsfjord sokn 2022-23!

Alle ungdomar er velkomne som konfirmant i kyrkja. Både du som trur, tvilar, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig. 

I konfirmasjonstida får du moglegheita til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du mange nye opplevingar og du får lære meir om Gud og deg sjølv.

INFOMØTE:

For å gje dykk naudsynt oversikt over konfirmanttida og høve til å stille spørsmål, inviterar vi konfirmant med ein føresett til informasjonsmøte: Torsdag 2. juni, kl. 20.00 - 20.45 i Dalsfjord kyrkje.

Påmelding til konfirmantåret 2022/2023 skjer på nett.

Påmeldinga opnar 1.juni kl.19.00
Påmeldingsskjema til konfirmantåret 22/23: Trykk her!
 

Her kan du laste ned konfirmantbrosjyra for Dalsfjord sokn:
/Portals/0/Dokumenter/Konfirmasjon/Dalsfjord%20konf.%20brosjyre%2023%20%28forkorta%29.pdf

 

Konfirmasjonsdato for Dalsfjord sokn:
Søndag 03.09.23, kl.11.00

 

 

Tilbake