Hurra for 17. mai!


Grunnlovsdagen feirar vi med gudstenester i alle seks kyrkjene våre. Programmet finn du her!

 

Fagert er landet du oss gav,
Herre, vår Gud og vår Fader!
Fagert det stig av blåe hav,
soli ho sprett og ho glader,
signar vårt land i nord og sud;
såleis di åsyn lyser, Gud,
over vårt Noreg i nåde.

– Anders Hovden (1907) 

 

Med takk til Gud for fridomen og med bøn om signing over fedrelandet feirar vi gudsteneste på grunnlovsdagen. Gudstenesta inngår i 17. mai-programmet i sokna. Gudstenestene vert feira slik:

 

Bjørke kyrkje

Festgudsteneste klokka 10 med prestevikar Constanze Lindner og organist John Inge Bjøringsøy. Song ved Hanne Aanestad Moltumyr.

 

Austefjord kyrkje

Festgudsteneste klokka 10.30 med sokneprest Per Kristian Hovden Sætre og organist Morten Bollerud.

 

Dalsfjord kyrkje

Festgudsteneste klokka 10.30 med vikarprest Johnny Leikvoll Drabløs og organist Erlend Koppen.

 

Hornindal kyrkje

Festgudsteneste klokka 12.00 med vikarprest Constanze Lindner og organist Morten Bollerud. Hornindal songlag tek del. Gudstenesta tek til når barnetoget har kome fram til kyrkja. Kransing av bautaen på kyrkjegarden etter gudstenesta. 

 

Volda kyrkje

Festgudsteneste klokka 12.00 med sokneprest Per Kristian Hovden Sætre og kantor Bert Handrick. Speidarane og Volda blandakor tek del. Kransing av bautaen framfor kyrkja etter gudstenesta. 

 

Kilsfjord kyrkje

Festgudsteneste klokka 12.30 med vikarprest Johnny Leikvoll Drabløs og organist Erlend Koppen.

 

(Bilete av Simon Stones frå Pixabay

Tilbake