Festkonsert på 17. mai


Festkonsert på 17. mai


17. mai kl. 20 inviterer Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda inviterer til festkonsert i Volda kyrkje. Vel møtt til stemningsfull avslutning på grunnlovsdagen!

 

Inngang er 250,- for vaksne og 150,- for studentar. Born under 15 år går gratis. Billetar vert å få kjøpt ved inngangen. Dørene opnar 19.30 og konserten tek til 20.00. 

På repertoaret står tradisjonen tru nasjonalromantisk musikk av
Edvard Grieg. I tillegg framfører orkesteret verk skrive av nolevande, lokale komponistar, mellom
andre Magnar Åm, Bert Handrick og Terje Tjervåg. Kvar av komponistane har sitt
særeigne tonespråk. Der Magnar Åm komponerer i ein fritonal stil der kjenslene i
augeblikket er inspirasjonen, skriv Tjervåg i ein meir tonal, tradisjonell stil med
utgangspunkt i lokale gamle folketonar. Bert Handrick har i sitt verk henta inspirasjon frå
den russiske komponisten Dmitrij Sjostakovitsj som nytta mykje sarkasme i sine
komposisjonar for å kritisere Stalin-regimet som han leid under. Nettopp sarkasme finn vi
òg i Handrick sitt verk, noko som kan passe i dag med den meiningslause krigen som
no foregår mellom Russland og Ukraina. Handrick har òg humor og glede i sitt verk. Det
treng vi på ein slik dag. Alltid er det viktig å kome saman og feire nasjonaldagen vår.

Hovudverket i konserten er Edvard Grieg sin Klaverkonsert i a-moll. Verket er hans første og
einaste pianokonsert. Verket har mykje inspirasjon frå norsk folkemusikk. Her vil
publikum få gleda av å høyre ålesundaren Kato Nogva Flem. Han er utdanna på
Griegakademiet i Bergen. 2015 fullførte han mastergraden sin med russisk klavermusikk
som hovudfokus med Jan Hovden og Torleif Torgersen som lærarar. I 2005 fekk han
Draumestipendet og i 2006 Haram kulturfond sitt stipend. Flem har spelt på
meisterklasser med mellom andre den verdskjende russiske pianisten og pedagogen
Oxana Yablonskaya. Flem jobbar no som distriktsmusikar på Voss, akkompagnatør ved Manger
folkehøgskule og som pedagog på Voss og i Bergen. I tillegg som frilansmusikar. No er
han i Volda kyrkje saman med høgskuleorkesteret.

Gled dykk til ein flott konsert med norsk musikk!

Tilbake