Saman som kyrkje i heile verda - Volda kyrkjelyd er med!


Med den årlege aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" står kyrkjelydar over heile landet saman for den globale kyrkja og kyrkjelydane sine eigne misjonsprosjekt. Kyrkjelyden i Volda er med på aksjonen, og inviterer mellom anna til ein eigen misjonskveld på Uppheim 24.mai.

Frå Kristi himmelfartsdag til St. Hans går aksjonen Saman som kyrkje i heile verda. Aksjonen starta som eit grasrotinitiativ under pandemien, og vert no gjennomført for fjerde gong. Den har vore eit viktig bidrag for våre systerkyrkjer i ei krevjande tid gjennom pandemien, og vil framleis vere det.

Kyrkjelyden i Volda har misjonsprosjekt både i Estland og på Madagaskar, og vil i prosjektperioden samle inn ekstra takkoffer til desse. Det skjer under gudstenesta Kristi himmelfartsdag, og også under gudstenesta i Aasentunet, der vi delar dei innsamla midla med Ørsta sokn sitt prosjekt i Thailand. Du kan lese meir om NMS sitt arbeid og aksjonen i Estland her og på Madagaskar her.

Den 24.mai inviterer Volda sokn til misjonskveld på Uppheim kl 1930. Til denne kvelden kjem Johanne Leinebø, tidlegare har vore misjonær på Madagaskar. Vi håper denne kvelden kan vere til inspirasjon for misjonsengasjementet i kyrkjelyden!

 

Tilbake