Her kan du lese meir om arbeidet i Estland, skrive av Asbjørg Oksavik Sve:
Kyrkjelyden har misjonsavtale med Det norske misjonsselskap for å støtte misjonsarbeid i Estland. Dette landet er det mest sekulære landet i Europa. Kommunismen hadde fotfeste i landet i om lag 50 år, det er meir enn to generasjonar utan religionsfridom, og det har kosta dyrt for kristendomskunnskapen i folket. Fyrst i 1991-92 kunne folk gå på gudstenester utan at det medførte straff eller tap av privilegiar som betre husvære, bil, utdanning for borna o.a.
Etter at krigen i Ukraina antok Estland at dei kunne ta imot 10 000 flyktningar frå Ukraina. For ei tid sidan var talet kome opp i 40 000. Både folket og kyrkjene i Estland har opna dørene sine for flyktningane. Mange kyrkjer har tilettelagt no med hyblar, og utdeling av mat og klede har lenge vore eit diakonalt arbeid i kyrkjelydane der. Slik vi har mange polske handverkarar i Noreg, har Estland hatt mange handverkarar frå Ukraina. For både deira familier og andre var det naturleg å flykte til Estland når krigen starta.
Kyrkja i bydelen Mustamäe: Maarja Magdaleena
I Tallinn var det mange gamle kyrkjer som staten hadde konfiskert i kommunisttida, men mange av desse låg i gamlebyen. I Mustamäe, ein nyare bydel, var det for 10 år sidan over 60 000 menneske, men inga kyrkje. Tiina Kliman, no gift Klement, fekk kallet om bli prest og starte ein kyrkjelyd her i 2010. Ho var barne-og ungdomsarbeidar i ein større kyrkjelyd i Tallinn. Tiina hadde to opphald i Norge bak seg, m.a. tok ho diakoniutdanning her. Ho gjekk vidare på presteutdanning i Estland, og starta arbeidet i den nystarta kyrkjelyden som husfellesskap. Etter kvart vaks kyrkjelyden og dei leigde lokale i kjellaren på bydelshuset i på Mustamäe, inntil dei måtte ut på grunn av riving.
No tel kyrkjelyden over 130 døypte/medlemer og dei har reist eit stort kyrkjebygg. På grunn av konfiskeringa av kyrkjebygg i kommunisttida, kom politikarane til eit forlik med EELK, Estiske evangeliske lutherske kyrkje og dei tildelte Maarja Magdaleena Kirik i Mustamäe midlar. Det har vore ein vanskeleg prosess, med naboar som ikkje ynskte kyrkje der, og uvisse om pengane frå kompensasjonsforliket med staten ville kome. Men kyrkjebyggarane har bygd så lenge dei har hatt pengar, så har det vore stopp fleire gonger. Kyrkja har enn så lenge berre hatt råd til å innreie ein liten del av kyrkjebygget. Men kvar søndag ettermiddag er det gudsteneste i kontorlokala i kyrkja. NMS er ein viktig støttespelar for kyrkjelyden ilag med svenske og tyske kyrkjelydar. Det er langt opp og fram før kyrkja står ferdig innvendig, så midlar frå oss er kjærkome slik at framtidige generasjonar får høyre om Jesus. Arbeidet Tiina og hennar medhjelparar normalt har er gudstenester, jentegruppe, eldregruppe, konfirmantundervisning, sosialt arbeid som utdeling av mat og klede, familieturar, barneleirar, ungdomsarbeid, markeringar i løpet av året og innsamling av pengar på ulike måtar.
Kyrkja i Saku: St. Toomase
Det har også vore planta ein kyrkjelyd til med støtte frå NMS. I 2013 starta norske prest og misjonær Magne Mølster og hans estiske kone Ave ein ny kyrkjelyd i kommunen Saku, like utanfor Tallinn. Her var det ikkje ei einaste kyrkje i heile kommunen som no tel om lag 10 000 innbyggarar.
Ave og Magne hadde då budd i Estland i to år, etter prestegjerning i Telemark. Den fyrste tida arbeidde dei også i kyrkjelyden i Mustamäe ilag med Tiina Klement, medan dei etter kvart bygde opp kyrkjelyden i det gamle herrnhutiske bedehuset i Saku. Der var drive kristent arbeid mellom 1922-1940 i landet si fyrste fridomstid av Brødremenigheten, Herrnhuttane i Estland og frå 1994 som eit misjonsarbeid.
No berre ni år etter oppstarten i 2013 tel kyrkjelyden godt over 130 døypte/medlemer og det nye kyrkjebygget er oppe! Dei har sjølve samla inn ein tredjedel av det kyrkja vil koste. Også dei fekk kompensasjonsmidlar etter kyrkjeforliket med staten, rundt 600 000 euro kom endeleg på konto så dei kunne starte byggearbeidet i 2019. Kyrkja vart vigsla i desember 2020.
Kommunen har gitt dei tomta, med bruksrett i 99 år, men det er søkt kommunen om støtte.
Kyrkjelyden her har gudsteneste kvar søndag ettermiddag, og i tillegg barnekyrkje (deira søndagsskule), klubb for unge jenter, sportsarbeid (Kurtna fotballklubb), ungdomskveldar, bibelskule-kveldar, bønegruppe, gospelgruppa Saku gospel (som også har besøkt Sunnmøre), babysong, ungdomsgudstenester og leirar for born og ungdom. Også fleire personar med funksjonsnedsetjing har funne sin plass i kyrkjelyden.
Begge kyrkjelydane er knytt til EELK (på norsk; Estiske Evangeliske Lutherske Kyrkje.
I tilegg vert det drive eit ungdomsarbeid i Estland som er støtta av NMS, det er Plussmeedia (dvs. mediearbeid for ungdom), og i barne- og ungdomsorganisasjonen LNÜ.
Ein av misjonærane skriv ein blog og den vert oppdatert med jamne mellomrom.
https://molsterestland.blogspot.com/2022/06/heavy-metal-i-saku-kirke.html?fbclid=IwAR23_Q4MkZkoIXkhUFGrXepxxOFDOZqK3jrTpAcyx9PZDzK7iYzIRgOSY2M
Ein kan også søkje opp på facebook: EELK Saku Toomase kogudus eller EELK Mustamäe Maarja Magdalena kogudus og fylgje med på kyrkjelydane sitt arbeid der.