Volda kyrkjelyd treng fleire frivillige medarbeidarar i gudstenestene! Vil du vere med på fellesskapsbygging i kyrkja?
Omtrent kvar søndag og heilagdag er det gudsteneste i Volda kyrkje. Mange finn vegen til kyrkja då, og det er fint for gudstenesta er heile kyrkjelyden sin møtestad!
Til dette fellesskapsarbeidet treng vi fleire frivillige medarbeidarar. Kan du tenke deg ei slik oppgåve? Då er du med på å bygge fellesskap i kyrkjelyden vår!
Kyrkjelyden treng:
Kyrkjevertar- og kva er det?
Ein kyrkjevert står i døra, deler ut salmebøker e.l og ønskjer alle som kjem vel møtt til kyrkje. På denne måten vert alle som kjem til kyrkja sett og ønskt velkommen inn!
Blomeansvarlege- og kva er det?
Ein blomeansvarleg leverer og set fram blomar på altaret i kyrkja før søndagen si gudsteneste. Det kan vere blomar frå hagen, markblomar frå skog og mark eller blomar ein kjøper i butikken. Desse tek ein med til kyrkja, ordnar i vasar og set på altaret. Ein kan velje om ein vil ta med blomane heim etter gudstenesta, eller om ein vil la dei stå att på altaret.
Kyrkjekaffivertar- og kva er det?
Ein kyrkjekaffivert lagar til kyrkjekaffi i kyrkja etter gudstenesta. På førehand har kyrkjekaffiverten laga klart te, kaffi, saft og det som skal setjast fram, og ordna med bord, koppar, glas og serviettar. Kyrkjekaffiverten kan sjølv velje kva som setjast fram: I kyrkja kan ein finne kjeks o.l, eller ein kan velje å ta med seg noko heimafrå, t.d frukt, bakverk eller snacks. Det viktigaste er ikkje kva som vert sett fram, men at kyrkjekaffi er å vere i lag!
Kva? Kven? Korleis? Meir informasjon om å vere frivillig medarbeidar.
Vi har laga instruksar for alle oppgåvene, slik at det skal vere enkel og føreseieleg kva du skal gjere og korleis du skal gjere det!
Dei som seier ja til ei oppgåve, vert sett opp på liste for kvart semester. Ingen vert sett opp oftare enn to gongar i semesteret, og du kan sjølv velje kor ofte du vil vere frivillig. Dersom dagen du er sett opp på ikkje passar, kan du byte med andre på lista.
Dersom du etter ei tid ikkje lenger ønskjer å vere frivillig medarbeidar, seier du berre frå til kyrkjekontoret. Det er fint om ein kan melde frå om dette i løpet av semesteret før, men nokre gongar endrar livet seg og ein kjenner at ein må seie frå seg oppgåva før, og det er heilt i orden!
Vi håper å vere i gong med dette i løpet av september 2022!
Kan du tenke deg ei eller fleire av desse oppgåvene? Då kan du ta kontakt med sokneprest Kristian Myklebust på telefon 905 95 410 eller på e-post kristian@volda.kyrkja.no