Målararbeidet på Dalsfjord kyrkje er i gang


Arbeidet med vøling/måling av Dalsfjord kyrkje har starta og dei komande vekene vert det stor aktivitet rundt kyrkja.

 

Fellesrådet har valt å tilsette folk sjølve for at arbeidet skulle kunne gjennomførast i år. Målararbeidet og arbeidet på tårn og tak vert utført av ungdomar frå Slovakia og Tsjekkia, Målarteamet, her representert ved Maria, Rozalia, Richard og Daniela, har starta arbeidet. Seinare vert teamet utvida med to som er sertifisert for arbeid med sikringsteknikk i høgda. Jan Øystein Aksnes er leigd inn som prosjektleiar. Arnfinn Dahl vil utføre handverksfag og tilrettelegging. 

Tilbake