Kyrkjedag for heile familien på Bjørke!


Søndag 25. september vert det kyrkjedag for heile familien på Bjørke! Familiegudstenesta klokka 11 går over i postløype til bedehuset, der det vert mat, kaffi og aktivitetar for store og små. Vel møtt!

Gudstenesta denne dagen er ved sokneprest Per Kristian Hovden Sætre og organist John Inge Bjøringsøy. Trusopplærar Wendi Stråbø er med. 

Etter gudstenesta vert det løype med aktivitetspostar for heile familien på vegen frå kyrkja til bedehuset. På bedehuset stiller soknerådet med kaffi og litt å bite i, og det vert aktivitetar og konkurransar for små og store rundt huset.

Vel møtt!

Tilbake