Ny pastor i Volda kyrkjelyd sin venskapskyrkjelyd i Ungarn


Ny pastor i Volda kyrkjelyd sin venskapskyrkjelyd i Ungarn


Søndag 18. september vart den nye pastoren i Fladelfia Evangélikus Egyházközség innsett i ei gudsteneste i den gamle lutherske kyrkja i Kisvárda. 

På fotografiet er kyrkjeverje Jostein Stråbø samen med pastor Péter Károly Malik, nyinnsett pastor Enikő Hulej og pensjonert pastor Mihály Györfi i kyrkjehagen etter gudstenesta. 

Kyrkjeverje Jostein Stråbø, som er på reise i Ungarn og Romania for å følgje opp venskapsavtalen med Fladelfia Evangélikus Egyházközség og for å rekruttere nye volontørar, fekk vere med på innsettingsgudstenesta. Her fekk han ta del i seremonien saman med prestar og pastorer frå elle kyrkjesamfunna i området. Han fekk òg helse frå Volda kyrkjelyd til den nye partoren, Enikő Hulej.

To av dei luthersk pastorane som tok del i innsettingsgudstenesta vil besøke Volda 6. - 9. oktober i samband med at ei større gruppe prestar frå Ungarn tek del på eit prestekonvent i Møre.

 

Tilbake