Gudsteneste og forskingsdagar


Komande søndag markerer vi 50-årsjubiléet for dei kyrkjelege utdanningane i Volda i gudstenesta i Volda kyrkje. Gudstenesta er i samband med Forskingsdagane.

Søndag 25.september feirar vi gudsteneste i Volda kyrkje med dåp og nattverd. Vi markerer 50-årsjubileum for kyrkjeleg utdanning i Volda, i samarbeid med Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda. Høgskulen har fleire arrangement gjennom helga, som du kan lese meir om her.

I gudstenesta held katekt Anny Holien preika. Ho har kateketutdanning frå Volda, og arbeider som trusopplæringsleiar i Østre Toten. Volda kyrkjekor og kantor Bert Handrick deltek, mellom anna med nyskrivne satsar til nokre av salmane. Det vert også søndagsskule under gudstenesta.

Etter gudstenesta inviterer Volda sokneråd til kyrkjekaffi på Uppheim. Vel møtt!

Tilbake