Dåp
"Fylt av glede over livets under" - Velkommen til dåp i kyrkjene Volda!
I generasjon etter generasjon har dåpen vore viktig: Som vegen inn i kyrkja sin fellesskap, som ei stadfesting av Guds kjærleik til barnet og som ein stad der vi får del i Guds frelse. Å bere barnet til dåpen er å gi vidare noko stort og viktig. Dåpen er starten på ei vandring i tru, håp og kjærleik. Dåpen er starten på eit liv der du høyrer til – hos Gud og i kyrkja sin fellesskap. Dåpen er ei Guds gåve til oss menneske, ei gåve som varer gjennom heile livet.
I dette skjemaet kan de melde dåp. Ved å bruke søkefunksjonen kan de finne kva dåpsdatoar som er tilgjengelege i den kyrkja der de ynskjer dåp. Hugs også at det gjennom året i dei fleste sokna er friluftsgudstenester og gudstenester i andre lokale der det også er mogeleg å ha dåp. For å levere dåpsmeldinga i fyrste omgang, er det ikkje naudsynt med meir enn namn og fødselsnummer på barnet og ein av foreldra. Ein må også leggje ved ein digital kopi av fødselsatest eller anna dokumentasjon på fødselsnummer. Annan informasjon, til dømes fadrar, kan ein leggje til i ettertid. Etter at påmeldinga er motteken på kyrkjekontoret, vil de få ein e-post med stadfesting. E-posten inneheld også ei lenke som gjev dykk tilgang til å redigere dåpsmeldinga heilt fram til dåpssamtalen.