Interessegruppene er ein viktig del av konfirmasjonstida.
Ønskje er at konfirmanten vert kjent med andre kristne ungdomar, grupper og organisasjonar - i tillegg til undervisningssamlingane og gudstenestene.
Du kan velje mellom ulike grupper og aktivitetar:
Tensing: For deg som har lyst å bli kjent med nye folk, ha det gøy med å synge, vere kreativ, spele i band og henge. Du er med på øvingane (tysdagar, kl. 18 til 20 på Uppheim) og andre arrangement (konserter o.l.).
Samtalegrupper: For deg som likar å reflektere rundt dei store (og små) spørsmåla i livet og trua. Saman med om lag 5 andre konfirmantar møtest de heime hos kjekke vaksne frå kyrkjelyden om lag 4 gongar i løpet av året. Koseleg, djupt og ofte med god mat :-). (Dette tilbodet finst per i dag ikkje i Dalsfjord.)
Frivillig i kyrkja: Har du vert med på Tårnagentdagen eller Lysvaken? Som konfirmant kan du vere med på dette igjen! Som frivillig medarbeidar er du då med på å gi borna ei flott oppleving i kyrkja. Vel du å vere frivillig i kyrkja, vert du med på eit arrangement på hausten og eit på våren. I forkant av begge får du god opplæring og instruks.
Skiweekend: Helga 21. til 23. februar 2020 arrangerer Dalsfjord sokn weekend for deira ungdomar frå 8.klasse på Orreneset, midt i Sunnmørsalpane! Det blir ski, snowboard, aking, andakt, leikar, song og mange kjekke folk! Weekenden kostar om lag 1200 kr pluss heiskort. 30 plassar for konfirmantar.
Andre kristne lag og organisasjonar: Er du allereie med i kristent arbeid frå før av som Volda Soul Children, KFUK KFUM speidar, Kraftverket, Volda Ørsta Tensing e.l. kan du få godkjent dette. Vi bed deg likevel om å registrere dette ved å registrere dette i påmeldingslenka oppe.
Du veljer ved å følgje denne lenka. Her skriver du inn 3 val utfrå prioriteringa di. Sida det er begrensa antal plassar i nokre grupper/aktivitetar (som Skiweekenden) vil diverre ikkje alle kunne få sitt 1.val.