"I begynnelsen var Ordet" i Volda kyrkje


Vel møtt til framsyning i Volda kyrkje torsdag 24.oktober

 

Bibelen vert kalla «Bøkene si Bok». 2019 er Boka sitt år og Møre bispedømme har ønska å markere dette gjennom å invitere tre kunstnarar til å løfte fram noko av Bibelens litterære rikdom. Med utgangspunkt i Ordet som skapande kraft følgjer vi historia til Josef i Det gamle testamentet. Tekstane i framsyninga er henta frå Bibelen og moderne poesi, saman med komponert og improvisert orgel-og vokalmusikk.

Framsyninga "I begynnelsen var Ordet" vert synt i Volda kyrkje torsdag 24.oktober kl 1900. Tekstuval og framføring er ved skodespelar Vivi Sunde. Musikken er ved domkantor i Molde Magnus Moksnes Myhre, orgel og Bård Watn, vokal. Prosjektet er støtta av Møre bispedømmeråd, Nasjonalbiblioteket og Teatret Vårt. Billettpris er 250,-

Du kan lese meir her

Tilbake