Per Kristian Hovden Sætre er tilsett som ny sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med Hornindal, Austefjord og Storfjorden sokn som særleg tenesteområde. Han vart tilsett av Møre bispedømmeråd 27.9, og har takka ja til stillinga.
Det betyr at vi får ein ny prest i nye Volda fellesrådsområde, som frå 1.1.2020 omfattar Hornindal og Storfjorden sokn, i tillegg til Austefjord, Kilsfjord, Dalsfjord og Volda sokn.
Per Kristian Hovden Sætre er 35 år. Han er i dag stipendiat ved MF Vitenskapelig Høyskole, der han arbeider på ei doktorgrad i Det nye testamentet. (Du kan lese meir om arbeidet hans her) Frå 2010 til 2016 var han kapellan i Jar menighet i Bærum og i 2009-2010 var han vernepliktig feltprest i HM Kongens Garde. Hovden Sætre er oppvaksen i Ørsta, og vart ordinert til presteteneste av biskop Ingeborg Midttømme i Ørsta kyrkje i 2009. Han er gift og har to born.
For å fullføre doktorgradsstudia sine har Per Kristian fått permisjon frå soknepreststillinga i heile 2020. Han tek difor til i stillinga på nyåret i 2021. Frå då av vert samstundes Ingrid Finsådal sokneprest i Dalsfjord og Kilsfjord sokn, medan Kristian Myklebust vert sokneprest i Volda sokn.
Vi er svært takksame for å få ein ny og dyktig prest på plass hos oss, særleg i ei tid der kyrkja har vanskar med å rekruttere nok prestar, og vi ser fram til at Per Kristian tek til i stillinga!
(foto: Joakim S.Enger)