Lysmesser i kyrkjene i Volda


Vi nærmar oss adventstida- og lysmesser i kyrkjene i Volda!

 

Komande søndag byrjar adventstida, ventetida før jul. Tradisjonen tru vert det lysmesser i adventstida både i Austefjord, Volda, Dalsfjord og Kilsfjord kyrkje. Det er konfirmantane våre som er med på å førebu og halde desse stemningsfulle gudstenestene. Lyset som symbol står sentralt i gudstenestene, saman med lesingar av profetiar frå Det gamle testamentet om Messias, den lova frelsarkongen. Levande lys, adventssalmar og fin musikk er viktige element i lysmessene. Vel møtt til ei stund for ro og ettertanke i advent!

Søndag 1.desember: 

kl 1600 Austefjord kyrkje

kl 1930 Volda kyrkje

Søndag 8. desember

kl 1600 Dalsfjord kyrkje

kl 2000 Kilsfjord kyrkje

Tilbake