Vil du melde barnet ditt til dåp?


Vi oppmodar om ringe oss for spørsmål om dåp medan korona-tiltaka gjeld! Inntill vidare er det høve til dåp i eigne dåpsgudstenester, med foreldre, sysken og fadrar til stades. Vi legg vekt på at dette skal vere flotte og høgtidelege gudstenester! Det kan vere aktuelt med dåp på andre tidspunkt enn dei du finn i skjemaet for å melde dåp.

 

Vi ønskjer dåp -kva gjer vi?

Meld i skjemaet under eller ta kontakt med Volda kyrkjekontor for å melde barnet til dåp. I skjemaet ser du aktuelle dåpsdatoar dei komande månadane. (medan koronatiltaka gjeld: andre tidspunkt kan vere aktuelle- ta kontakt!) Det er som regel høve til 5 dåpsborn i kvar gudsteneste. Når det nærmar seg dåpsdagen vert de invitert til dåpsamtale/dåpsamling med presten som skal ha gudstenesta. Her informerer vi om sjølve dåpsdagen og det praktiske rundt dåpshandlinga, og vi snakkar  om kva dåpen er i den kristne trua. Barnet får også med ei lita dåpsgåve frå kyrkjelyden. I denne samtalen får du også vite meir om tilboda om trusopplæring som kyrkja vil gi borna i åra framover. Vi  ønskjer å gi hjelp til opplæring i den trua barnet vert døypt til!

 

 

Om å vere fadder

Å vere fadder er ei stor og viktig oppgåve! Ofte vert fadrane viktige vaksne i barnet sitt liv. Fadrane er med på å vise barnet vegen inn i trua, saman med foreldre og kyrkjelyd. For å vere fadder måein vere medlem i Den norske kyrkja, eller vere ein kristen som ikkje avviser barnedåpen. Dåpsbarnet må ha minst to fadrar som er tilstades under dåpen. Du melder kven som skal vere fadder i samtalen med kyrkjekontoret eller under dåpssamtalen med presten.

Tilbake