Førebuingar til bryllaup


 

Første steg i vigselsførebuinga kan vere å ta ein telefon til kyrkjekontoret i Volda. Her kan du høyre om aktuelle datoar for vigsel, om datoen/datoane de har tenkt høver, reservere kyrkja førebels og få svar på eventuelle andre spørsmål. Ein kan også få snakke direkte med ein av prestane om ein ønskjer det.

Alle som vil gifte seg i kyrkjene i Volda må laste ned og fylle ut dette skjemaet. Når vi har motteke dette skjemaet frå dykk vert eventuelle førebels reservasjonar av kyrkje stadfesta. Presten som skal ha vigsla vil ta kontakt med dykk og gjere avtale om vigselssamtale. Vanlegvis finn denne samtalen stad i løpet av månaden før bryllaupet, men de kan òg ta kontakt om de har ønskjer om andre tidspunkt. Under denne samtalen går vi gjennom det som skal skje i vigsla og vi samtalar om bryllaupet og ekteskapet.

For at ei vigsle skal verte gjennomført må brudeparet fylle ut Skatteetaten sitt skjema for prøving av ekteskapsvilkåra. Forlovarane må fylle ut forlovarerklæring. Skjema for utfylling, saman med informasjon om korleis de fyller det ut, finn de HER  Utfylling av desse skjema kan skje både elektronisk eller per post. Når de mottek prøvingsattest må denne leverast eller sendast til Volda kyrkjekontor. Hugs å gjere alt dette i GOD TID før bryllaupsdagen kjem

Tilbake