Kva skjer i kyrkja?


 

Gjennom hundreåra har tallause brudepar kome til kyrkja for å verte ektefolk. Mange av orda om Guds kjærleik og om vår kjærleik til kvarandre som då har møtt para, har vore dei same, sjølv om ordninga for vigsel har endra seg. Samtidig har alle para vore ulike, med sine historier og sin veg til bryllaupsdagen og ekteskapet.

Eit bryllaup i kyrkja inneheld difor både dei gamle orda- frå Bibelen og frå salmetekstane- og dei personlege elementa som kvart brudepar kan vere med på å velje. Saman med presten kan de vere med å velje bibeltekstane som skal lesast og bøner som skal nyttast. Saman med organisten kan de vere med på å velje salmar og musikk som skal nyttast i vigsla, alt innanfor rammene av kyrkja sin liturgi. Meir om liturgiane for vigsel i Den norske kyrkja finn du HER

Dei som skal gifte seg kan vere med på å velje:

  • Kven skal delta under inngangen/prosesjonen? Skal paret kome inn saman? Skal det vere brudepiker/sveinar? Skal foreldre og/eller forlovarar kome inn saman?
  • Kva for nokre salmar som skal syngast
  • Kva for nokre bibeltekstar som skal lesast frå tekstutvalet (Tekstane ein kan velje mellom finn du i vigselsliturgien)
  • Medverknad med song og musikk
  • Kva form ekteskapsinngåinga skal ha (Vil ein svare «ja» eller også gjenta lovnaden til kvarandre?)
  • Om ein skal setje på ringar
  • Om ein ønskjer nattverd i bryllaupet (bryllaupsmesse)

Dette er tema når ein treffast til vigselssamtale. Om ein har spørsmål kan ein ta kontakt med prest og/eller organist før denne samtalen.

Dei som skal bli vigde kan feire dagen med familie, slekt og venner. Dei kan seia ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning.

Tilbake