Meld deg på som konfirmant i 2021-2022


Meld deg på som konfirmant i 2021-2022


Er du fødd i 2007 og ønskjer å bli konfirmert i kyrkja i 2022? Her kan du lese meir om konfirmasjon og korleis du melder deg på!

Vi ynskjer at DU som konfirmant i Volda får ei god tid som ungdom i kyrkja, finner ut meir om deg sjølv og dei store spørsmål i livet, blir betre kjent med Jesus, bidrar til ei meir rettferdig verd og at du får oppleve fellesskapen i kyrkjelyden.

KVA ER KONFIRMASJON?

I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling. “Konfirmere” tyder å stadfeste eller styrke: Gud stadfestar det Han har lova i dåpen. Konfirmasjonsdagen er høgtideleg og fin. Alle konfirmantane kjem fram og kneler ved altarringen. Presten eller kateketen ber for deg.

 

EI KONFIRMANTTID FOR ALLE

Alle som er fødd i 2007 eller byrjar i 9. klasse hausten 2021 kan vere konfirmant i 2021-2022. For å vere med på leir, undervisning osv., treng du ikkje å vere døypt eller medlem i Den norske kyrkja. Dåpen er likevel ei føresetnad for å kunne ta del i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta. Ønskjer du dåp i løpet av året, gjer vi det ein gong på våren.

Er du usikker på om du vil vere konfirmant i kyrkja kan du gjerne ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare.

Alle har alle rett til ei god konfirmanttid – uansett funksjonsevne. Har konfirmanten behov for individuell tilrettelegging, ber vi om at føresette tek kontakt med oss så fort som råd.

Nedst på sida finn du lenkene til informasjonsbrosjyrene.

 

PÅMELDING

Her kan melde deg på som konfirmant. Bed om at konfirmanten fyller ut skjemaet saman med sine føresette. Påmeldinga er open frå 9. juni, kl 8

Alle påmeldte vil få tilsendt eit brev med detaljert informasjon, dato for informasjonsmøte, semesterplan osv. i slutten av september.

 

BROSJYRER

Her kan du laste informasjonsbrosjyrene for

Austefjord sokn

Dalsfjord sokn

Hornindal sokn og Storfjorden sokn

Kilsfjord sokn

Volda sokn

Tilbake