Vel møtt til gudsteneste i haust!


Vel møtt til gudstenester i kyrkjene i Volda i haust! Les meir om kva smitteverntiltak som gjeld og kor mange som kan vere samla.

 

I haust er det gudstenester som vanleg i kyrkjene i Volda, sjølvsagt med smitteverntiltak. Kalenderen på nettsida syner når det er gudsteneste i dei ulike kyrkjene. 

Framleis er det viktig at dei som har symptom på luftvegssjukdom held seg heime. Det er også avgjerande med god hygiene- vask hendene, bruk handsprit når ikkje det er vask tilgjengeleg. 

Når ein kjem til kyrkje vert ein registrert med namn og telefonnr. Lista vert oppbevara trygt i 10 dagar, av omsyn til eventuell smittesporing, før ho vert makulert. Ein vert vist til ein plass i kyrkjebenkane.

Framleis må vi halde minst 1 meter avstand. Dette gjer at det ikkje er plass til 200 personar i kyrkjene våre. Tala som gjeld no er:

Volda kyrkje: 121

Dalsfjord kyrkje: 75

Kilsfjord kyrkje: 61

Austefjord kyrkje: 36

Hornindal kyrkje: 82

Bjørke kyrkje: 42


Vel møtt til kyrkjene i Volda!

Tilbake