Bjørke kyrkje 100 år


Då vert det 100 års jubileum 19. og 20. september!

 

I tillegg til særskilt inviterte gjestar som biskop og ordførar, vil vi at folket som bur i soknet skal få første prioritet til å få med seg det som skjer. Derfor legg vi opp til 2 konsertar laurdagen kl 17.30 og kl 20.00, sidan vi berre får lov å ha 42 stk i kyrkja. Alt er gratis å kome inn på denne helga, men det er viktig at de melder dykk på på epost: espen.aarseth@orsta.kyrkja.no. Då kan vi plassere folk etter husstand, og såleis få plass til fleire. Den første konserten kl 17.30 vil vi gjerne at familiar kan prioritere, slik at det ikkje vert for seint for borna. Kan vere interessant å høyre historia om kyrkja for dei og. For dei med dårleg helse eller andre som ikkje kan kome, skal vi sette opp videostreaming på facebook. Fint om de seier ifrå til Espen prest om kven som vil vere med på streaming. Elles er jubileet opent for alle som vil, men dersom du ikkje er meldt på, kan det vere fullt. Vi er elles veldig opne for spørsmål og innspel i soknerådet. Vi gler oss til dette!

Tilbake