Utdeling av "Mi kyrkjebok" i Volda sokn


Kjære 4-åring!

No er det din tur til å kome og bli meir kjend med kyrkja di og få ”Mi kyrkjebok”!

På Undreturen vil du blant anna få kjenne på dåpsvatnet, prøve orgelet, få ei forteljing og lære ein song. Her kan du lese meir Undreturen og utdeling av 4-årsboka.

 

Undreturen finn stad onsdag. 16.september og torsdag 17.oktober. I gudstenesta på søndag 20.september får du kyrkjeboka di.

For å kunne halde smittevernsreglane har vi delt gruppa i to. Om det andre tidspunktet passar betre, kan de byte, men då treng vi melding om dette.

For dei som fyller 4 år mellom januar og juni:

Undretur: Onsdag 16. september kl.17. Gudsteneste: Søndag den 20. september kl.16:00

For dei som fyller 4 år mellom juli og desember:

Undretur: Torsdag 17.september kl.17. Gudsteneste: Søndag den 20. september kl.17:30

Undreturen varer 45 minutt og gudstenesta omlag ein halv time. Det blir ei enkel servering etter undreturen og is i Uppheimsparken etter gudstenesta.

Om det trengst tilrettelegging, ta kontakt!

Inga påmelding. Velkomen!

Helsing Volda kyrkje ved Ingrid Prest, Constanze kateket og fleire andre medhjelparar.

Kontaktperson er Wendi Stråbø 95764607 (helst sms)

Kven har fått invitasjon?

Vi har sendt denne invitasjonen til alle 4-åringar som er døypte i Den Norske Kyrkja og bur i Volda sokn. Det vart og sendt  ut til dei som er tilhøyrande ved at ein av foreldra er medlem i Den Norske Kyrkja. Det er ei glede for oss å kunne invitere til desse 2 samlingane. Undreturen og gudstenesta  er   laga slik at vi trur 4 åringane ( og familien elles ) vil trivast. 

Du finn invitasjonen HER

Vi har delt  4-årskullet i 2. Dette er ikkje berre grunna korona, men og for at det skal bli lettare å bli sett og at gudstenesta kan haldast på ein halv time. 
Undreturen gir barnet  høve til å vere i kyrkja, få bevege seg rundt og sjå på ulike ting i kyrkjeromet Dette opnar opp for undring og hjelper barnet å bli trygg i kyrkja si. Vi øver på ein song som vi skal syngje i gudstenesta og litt korleis det er når vi  deler ut boka. 
På denne samlinga må ein sjølvsagt  å ha med seg ein forelder. Om ikkje ein av dykk kan, så kan det til dømes gjerne vere ein besteforelder, tante eller fadder som er med barnet. 
Vi avsluttar samlinga med bolle og eplejuice.  Dette blir og sjølvsagt gjort i tråd med smittevernsreglane.
4-årsboka I familiegudstenesta vil barna få ta i mot boka “Mi kyrkjebok” som er sett saman av teikneserieforteljingar om 4-åringane Bo og Nora, forteljingar om Jesus, songar, salmar og mange fargerike bilete. Under Undreturen og gudstenesta vil vi høyre og synge frå boka.
Kan ein kome på berre ein av desse to samlingane? Ja, det går bra, men vi ønskjer at flest mogeleg får med seg begge. Undreturen hjelper barnet å bli tryggare. Og det er fint å kunne ein song som skal syngjast i gudstensta og ha øvd på å ta imot boka. Denne samlinga er og ein del av den undervisninga som vi som kyrkje er pålagt å gje alle døypte 0-18 år. 
Er gudstenesta open for alle? Korona gjev oss avgrensing på den måten at vi berre kan bruke annakvar benk og det må vere 1 meters avstand imellom kvar kohort.  Det er invitert 37  barn til første og 36 til den andre.  For å få plass til alle som er invitert, så må vi diverre sei at kyrkja berre er open for ein kohort pr. barn. Å få 4- årsboka, er ein stor og viktig tradisjon.  Vel verd å feire! 
Om de ikkje kan møte i kyrkja:  Vi vonar at dei fleste av dykk har høve til å bli med på både Undreturen og familiegudstenesta  Dei som ikkje kan møte på søndagen, kan få utdelt boka etter helga. Då må de ta kontakt med Wendi  (tlf: 488 93 781).  Kom gjerne på kyrkjekontoret med 4-åringen så kan ho/han få boka der. 
Alle med Vi ønskjer at alle barn kan delta! Har barnet dykkar behov for spesiell tilrettelegging, (rullestolrampe, allergifri mat, tolk, e.l.) vil vi gjerne få vite kva vi kan gjere for at han/ho kan bli med. Ver snill og ta  kontakt med Wendi  (tlf: 488 93 781).   
 

Tilbake