Å vere konfirmant i Den norske kyrkja
vil gje deg høve til å…
finne ut kva du trur
lære meir om deg sjølv
lære meir om Bibelen
samtale om kristen tru
bli kjent med kyrkja
få nye tankar om livet
engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet
Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen. Du er velkommen som konfirmant i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokon av livets mange spørsmål saman med andre. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samtidig får du mange nye opplevingar. (Kjelde: kirken.no)
I Den norske kyrkja er konfirmasjon ei forbønshandling. Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Gud stadfestar lovnadane sine slik dei vert gitt i dåpen. Konfirmasjonsdagen er høgtideleg og fin. Alle konfirmantane kjem fram og kneler ved altarringen. Presten eller kateketen ber for deg.
Konfirmasjonstida er open for alle som fyller 15 år i løpet av det året dei blir konfirmert eller som byrjar i 9. klasse i same skuleåret. Ein treng ikkje vere døypt eller vere medlem i Den norske kyrkja for å ta del i undervisning, leir eller anna opplegg. For å vere med i forbønshandlinga i konfirmasjonsgudstenesta mot slutten av året er det likevel slik at ein må vere døypt på førehand.
Til dei som ikkje er døypte: Alle kan altså ta del i opplegget for konfirmasjonstida. Viss du i løpet av året finn ut at du vil døype deg, gjer vi det ein gong rundt påsketider. Dersom du er usikker på om du ynskjer å ta del i det kyrkjelege konfirmasjonsopplegget er du velkomen til å ta ein prat med kateketen eller ein av prestane. Dei kan fortelje meir om kva dette går ut på og kanskje hjelpe deg å tenke vidare.
Kva skjer?
• Innskriving og foreldremøte: før sommarferien i 8.klasse
• Undervisning og øvingar: 2 samlingar før jul, 4 samlingar på våren.
o undervisning som oftast på onsdagar, kl.14.30 til 17.30
o Oppstart etter haustferien med KICK OFF (på ein laurdag)
• Fasteaksjon: søndag til tysdag i palmeveka
• Fest for alle konfirmantar og deira foreldre/føresette i løpet av våren
• Konfirmantleir: siste veka i sommarferien
Faste gudstenester
• Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane: i oktober og november
• Lysmesse: Austefjord 1.advent, Volda 1.advent, Dalsfjord 2.advent, Kilsfjord 2. advent
• Samtalegudsteneste: avslutning på leiren. Denne gudstenesta var i "gamle dagar" kalla for overhøyring. Vi følgjer no eit nyare opplegg.
• Konfirmasjonsgudstenester: Volda 1. og 2. helg i september, Dalsfjord 1.søndag i september, Kilsfjord 1.søndag i september, Austefjord 2. søndag i september