Øving kvar onsdag kl. 18.30 -19.15 i Volda kyrkje
Volda motettkor
Volda motettkor er ei korgruppe beståande av songarar frå kyrkjekoret eller andre kor og songarar som ikkje har tilknyting til kormiljøet.
Volda motettkor si oppgåve er hovudsakeleg å syngje liturgi og motettar og støtte opp om salmesong i gudstenester. Dirigent i koret er kantor Bert Handrick.
Er du interessert i korsong men har ikkje så stor erfaring, men vil prøve likevel – så er du hjerteleg velkomen.