Babysong startar opp att!


Babysong startar opp att!


Mange har sakna å samlast til Babysong. Endeleg er vi klare til å starte opp att: Vi samlast for første gong torsdag 17.september, kl 11 til 12. Med omsyn til smittevern har vi no begrensa antall plassar.

Babysong på Uppheim er eit populært tilbod der vi syng og lærer enkle, kjente og nye barnesongar, rim og regler – og vi tek i bruk sansane våre.
Etter ei brå avslutning i vår er vi no klare til å starte opp att.

Frå og med 17.september møtast vi igjen annakvar torsdag kl 11 til 12 i peisestova på Uppheim. Her syng pg lærar vi enkle kjent og nye barnesongar, rim og regler. Vi tek i bruka sansane våre. Babysong gjev born og foreldre høve til å uttrykke seg og utfolde seg musikalsk. Målet er å skape ei felles oppleving gjennom leik og song. Tilbodet er gratis. Ta gjerne med matpakke.

Vi tek smittevern på alvor og det vil difor vere påmelding til kvar Babysongstund. Begrensa antal plassar. Meld ifrå til kateket Constanze Lindner, mobil 488 937 41. Er du eller ditt banr sjuke? Då må de vente til de er symptomfrie.

Vi gler oss til å sjå små og store igjen!

Helsing,
Constanze og Wendi!

Datoar for Babysong hausten 2020:

17.SEPTEMBER
1.OKTOBER
15.OKTOBER
29.OKTOBER
12.NOVEMBER
26.NOVEMBER 

 

 

Tilbake