Sommar i kyrkja di


Det er sommar og ferietid, men i kyrkjene våre er det gudstenester gjennom heile sommaren. Vel møtt til kyrkje!

I sommarmånadane er det mindre aktivitet i kyrkjene våre, men vi feirar gudsteneste gjennom heile sommaren. I gudstenestekalenderen kan du sjå når det er gudsteneste i dei seks kyrkjene i Volda. Søndag 21. juli er den einaste søndagen utan gudsteneste i kommunen - men då er det høve til å gå til gudsteneste i Ørsta kyrkje klokka 11 eller Hjørundfjord klokka 19.30. 

I august har vi, som i juni, ei rekkje gudstenester utanom kyrkjerommet. Søndag 4. august klokka 12.30 feirar Hornindal sokn kuturgudsteneste på Anders Svor-museet. Kom gjerne innom for å oppleve museet, klangen og ei særmerkt gudsteneste! Søndag 11. august klokka 12 feirar Storfjorden sokn gudsteneste i det historiske Bakketunet – det eldste komplette gardstunet på Sunnmøre. Det vert sal av rømmegraut og høve til omvisning i tunet etter gudstenesta. Søndag 18. august klokka 12 er det friluftsgudsteneste for Dalsfjord sokn på Ulvestadsetra. Vel møtt til desse gudstenestene! 

Elles er det sjølvsagt vigsler, dåp og gravferder i kyrkjene gjennom sommaren, og kyrkjekontoret er ope i opningstidene. Konfirmantleiren med konfirmantar frå heile kommunen vert gjennomført 27.–30. juni. 

God sommar- vel møtt til kyrkje!

Photo by Eugene on Unsplash
 

Tilbake