Kan vi ha dåp i kyrkja no?


Det korte svaret er: Ja! 

Det er pr. i dag avgrensingar på kor mange som kan vere til stades i kyrkjene. Dei søndagane det er fleire som ynskjer dåp eller det skjer andre ting som gjer at ein forventar at det kan verte fullt, kan det vere grunn til å leggje ei eiga dåpsgudsteneste etter den ordinære gudstenesta. Ofte vil ei slik dåpsgudsteneste vere klokka 13. Slik gjev vi rom for alle som ynskjer å kome til kyrkja.

Dersom de vil melde dåp, gjer de det på vanleg måte i nettskjemaet de finn her. I påmeldingsskjemaet kjem dei planlagde gudstenestene opp. I Volda kyrkje er det planlagt einskilde dåpsgudstenester allereie. Bruk gudstenestene som dukkar opp i skjemaet for å velje kyrkje og dato. Dersom det vert aktuelt å leggje til ei dåpsgudsteneste ein dag de ynskjer dåp, vil de verte kontakta i god tid.

Det er ikkje berre små born som vert døypte. Det er også høve for dåp av større born, ungdommar og vaksne. Kanskje kan dette vere eit høve til å gjere det, i ei mindre dåpsgudsteneste, der berre nokre få er tilstades? Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om dette!

Fylt av glede over livets under,
med et nyfødt barn i våre hender,
/: kommer vi til deg som gav oss livet. :/

Fylt av beven foran ukjent fremtid
legger vi vårt barn i dine hender.
/: Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet. :/

Større rikdom enn hva ord kan romme,
har du gitt oss gjennom dåpens gave.
/: Herre, la vår tro bli fylt av glede! :/

Svein Ellingsen

 

(Foto: kyrkja.no)

Tilbake