Opning for gudstenester


Fyrste trinn av gjenopningsplanen vart iverksett fredag 16. april. I Volda tyder dette at vi opnar kyrkjene for gudstenester att! Avstandskrav og tak for talet på deltakarar gjeld framleis.

 

I kyrkja tyder fyrste trinn av gjenopningsplanen at vi i hovudsak er attende til dei smittevernreglane som galdt i vekene før 25. mars. Det er tillate med inntil 100 deltakarar på gudstenester og ved andre kyrkjelege handlingar. Vi skal halde to meter avstand mellom kohortane, slik at det i praksis er plass til noko færre enn dette i dei fleste høve. Nøyaktige tal finn de i smittevernartikkelen vår. Vi har også tilviste plassar i kyrkjene. Kyrkjevertar har ansvaret for å ta imot alle som møter fram, sørgje for at alle vert registrerte med namn og telefonnummer og vise alle til ledige plassar inne i kyrkja. 

Med mindre det skulle skje endringar på nasjonalt nivå eller smittesituasjonen lokalt får kommunale mynde til å innføre strengare tiltak, vil vi i tida framover feire gudstenester etter oppsett plan i alle kyrkjelydane i Volda. For 17. mai kjem ein eigen plan.

Tilbake