Søndag 1. mai var det på dagen 90 år sidan vigslinga av Volda kyrkje. Dagen vart feira med festgudsteneste, utekyrkjekaffi og festkonsert.
Søndag 1. mai 1932 vart Volda kyrkje vigsla av biskop Andreas Fleischer. 2000 fekk plass inne i kyrkja til festgudstenesta kl. 11. Endå fleire var samla utanfor og kunne høyre lyden frå høgtalarar på kyrkjebakken og ved Uppheim. Gudstenesta vart overført i radioen til heile landet. Seinare på dagen var det festkonsert og kveldsgudsteneste i den nyvigde kyrkja. Søndag 1. mai 2022 var heile bygda inviterte til ny festgudsteneste og ny festkonsert for å feire kyrkja sitt 90-årsjubileum.
Klokka 11 starta feiringa med festgudsteneste. Volda kyrkjekor lyfta songen mot kyrkjekvelven saman med ei velfylt kyrkje. To born vart døypte. Som det høver seg ved eit kyrkjejubileum, var det lesing av fleire av tekstane frå vigslingsliturgien. Sokneprest Ingrid Finsådal Bakke, som snart avsluttar tenesta si i Volda, var den fyrste av tekstlesarane og las frå 1 Kongebok 8. Ordførar Sølvi Dimmen las salme 100, og konfirmant Adele Rangseter las Efesarane 2,20-23. Karen Brænne frå soknerådet las Openberringa 21,1-6. Mellom lesingane song kor og kyrkjelyd salmen "Kyrkja ho er eit gamalt hus." Denne salmen vart brukt på same måten i 1932. Han er skriven av N.F.S. Grundvig, men Anders Hovden har gjeve han ei fabelaktig form på nynorsk.
Sokneprest Per Kristian Hovden Sætre, som har fungert som sokneprest i Volda siste året, heldt preika over preiketeksten for dagen, Markus 6,30–44. Preika kan du lese her. Under forbøna deltok Jakob Brandsæter (7), klokka Ingrunn Blindheim og kyrkjelydsveteran Ingunn Bergem (91). Ingunn Bergem vart faktisk døypt på Volda bedehus før nyekyrkja var ferdig, og har opplevd heile historia til Volda kyrkje. Alle prestane som no har teneste i Volda var med i gudstenesta saman med prost Ingeborg Matre.
Etter gudstenesta var det det kyrkjekaffi for heile familien i Uppheimsparken. Det var kaffi, kaker og marshmallowsgrilling i bålpannene. Meir enn 200 menneske kosa seg i vårsola. Mange deltok også på spørsmålsløypa som var lagt opp for heile familien. Grunna mellombels mangel på straum tok det litt tid før helsingane frå paviljongen kom i gang, men snart fekk både ordførar Sølvi Dimmen, kyrkjeverje Jostein Stråbø og Bernt Krøvel frå soknerådet helse forsamlinga.
Klokka 19 opna kyrkjedørene for festkonsert. Kor med ein særleg plass i Volda kyrkje si historie var inviterte. Konserten var også finalen for kyrkjemusikkveka. Volda mannskor stod grunnfeste i tradisjonen og framførte ikoniske «Himmelske Fader» av Volda-organist Sivert Geitvik og "Høgt frå den himmelske klåra" i Johan Grimstad sitt arrangement. Volda vokal framførte Magnar Åm sitt arrangement av «Ned i vester soli glader». Volda blandakor deltok også. Forsamlinga fekk også eit gjensyn med pianisten Olav Egge Brandal som skal akkompagnere Volda kyrkjekor. I høve dette jubileet har kantor Bert Handrick skrive ein intrada og koral i gammal stil over «Lovsyng vår Herre» for 3 trompetar, pauke og kor som vart urframført denne kvelden: