Sommar i kyrkja


Det er sommar og ferietid, men i kyrkjene våre er det gudstenester gjennom sommaren. Vel møtt til kyrkje!

I sommarmånadane er det mindre aktivitet i kyrkjene våre, men vi feirar gudsteneste gjennom heile sommaren. I gudstenestekalenderen kan du sjå når det er gudsteneste i dei seks kyrkjene i Volda. Søndag 24.juli er den einaste søndagen utan gudsteneste i kommunen.

Det er sjølvsagt vigsler, dåp og gravferder i kyrkjene gjennom sommaren, og kyrkjekontoret er ope i opningstidene. I august er det konfirmantleir, med konfirmantar frå heile kommunen.

God sommar- vel møtt til kyrkje!

Photo by Eugene on Unsplash
 

Tilbake