Dåp
"Fylt av glede over livets under" - Velkommen til dåp i Volda!
I generasjon etter generasjon har dåpen vore viktig: Som vegen inn i kyrkja sin fellesskap, som ei stadfesting av Guds kjærleik til barnet og som ein stad der vi får del i Guds frelse.
Å bere barnet til dåpen er å gi vidare noko stort og viktig.
Dåpen er starten på ei vandring i tru, håp og kjærleik. Dåpen er starten på eit liv der du høyrer til- hos Gud og i kyrkja sin fellesskap.
Dåpen er ei Guds gåve til oss menneske, ei gåve som varer gjennom heile livet.